J14 med to strake

10 mai 2013
Skrevet av:

J14 9er: Ravn-Spjelkavik 5-1 (3-0). Torsdag 09.05.
Mål: Tuva (2), Fride (1), Emma (1), Emma Sofie (1).
Ravn med full kontroll fra start til slutt. Vi var hakket bedre enn Spjelkavik foran begge måla, og var aldri trua i denne kampen.
Spelet var ikkje det heilt store, men det har og samanheng med at alle fekk spele mykje, det vart bytta mykje og folk fekk prøve seg i forskjellige posisjonar.
Spjelkavik var eit spelande lag og hadde ballen ein del, men det vart litt for tynt for dei framover, og forsvaret vårt hadde god kontroll.
Jentene klaga på varmen i dag! Kanskje ikkje so unaturleg etter 6-7 månader med vinter. Men vi må venne oss til å takle forskjellige forhold.
Ellers mangla vi ein del spelarar i dag, men kampen viste at det gjer ikkje so mykje med den bredden vi har. Og det er kjempebra.
Spjelkavik skal tross alt vere eit brukbart lag, men i dag var dei sjanselause. Neste kamp blir den vanskelegaste vi skal spele i vår.
Det er 1. divisjonslaget borte mot Sykkylven. Sykkylven vart kretsmester i 99-klassa i fjor, og skal ha det beste laget på sunnmøre.
Då får vi sjå kor lista ligg og testa oss skikkelig. Vi gler oss, og vi skal gi Sykkylvarane skikkelig kamp.

J14 2. div: Valder-Ravn2 3-6 (1-4). Onsdag 08.05.
Mål: Benedicte (4), Emma Sofie (1), Fride (1).
Nokså grei seier mot Valder.
Det var spenning ei lita stund i 2. omgang når Valder først reduserte til 4-2 og 4-3. Det siste på ei straffe som aldri var i nærheita av å vere straffe.
Dette såg ut til å få opp gnisten hos jentene, og Benedicte ordna 5-3 og 6-3. Det nest siste på eit glimrande frispark.
Benedicte med 4 mål og Tuva med veldig god jobbing på midten var vel dei største lyspunkta i dag.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Hovedsponsor

Sparebanken Møre

Litt om IL Ravn

På ditt klubbhus på nett kan du orientere deg i eit aktivt idrettslag. Stoff til sidene (referat, artikler, bilder etc) kan sendes på epost til:
admin@il-ravn.no

Kommentarer

Arkiv