G16 vann igjen

13 mai 2013
Skrevet av:

G16 11er 1. div: Ravn-Sykkylven 6-1 (3-0)
Målscorar var Fredrik, Markus 2, Nikolas 3

Det var ein meget god kamp av guttelaget der dei kjempa ut eit robust gjestelag.
Kampen starta med eit lite overtak til Sykkylven, men Ravn var effektiv og scora på dei to første sjansane. Nikolas som heada inn eit frispark frå Mathias og Markus scora 2 minutt etter med eit skot som lurte gjestekeeperen.
Etter dette styrte Ravn kampen og hadde fleire sjanser til å score, men det vart ikkje mål før Fredrik scora på eit flott frispark frå 17 meter.
Keeper Severin hadde ikkje så mykje å gjere i 1 omg, og det kan han takke eit meget solid Ravn forsvar for.
Ravn kunne gå til pause med ein solid 3-0 ledelse.
Gutane kom ut i 2 omg med den samme innsatsen og arbeidsmoralen og det gjekk ikkje lenge før Sykkylven sin keeper måtte plukke ut fleire baller.
Markus heada inn ein corner og Nikolas putta to til etter å parkert gjesteforsvartet.
Ravn gutane vart slitne på slutten og gjestene fekk redusert til 6-1 og kunne godt scora eit mål til om dei hadde stokka fotane sine betre.
Trener Per Ove Vatnehol smilte breidt etter kampen og var godt fornøgd med innsatsen til dei 17 spelerane.
Han var svært godt fornøgd med Elias Gunnarson som anker på midtbana og eit solid forsvar med Mathias Vatneødegård, Benjamin Kofoed og Stian Skogvoll i spissen.
Treneren syntest også at den giftige spissen Nikolas Fjørtoft gjorde ein god kamp med 3 mål og sjanseskapande spel.

Laget var: Severin Harsjøen Longva, Oda Sperre Tennfjord, Mathias Vatneødegård, Benjamin Kofoed, Stian Skogvoll, Fredrik Krogsæter, Elias Gunnarsson, Markus Tennfjord,
Tobias Heggem, Nikolas Fjørtoft, Sivert Haddal. Desse kom inn Elias Korsnes, Tomas Skaar Vadset, Benjamin Rørhus, Benjamin Fjelsted, Lars Daniel Skjelten Tennfjord og Ludvik Storsten.

Dette var G16 sin andre seier på ein veke. Dei slo Hessa/SIF 5-2 sist fredag, målscorere her var Tomas, Fredrik, Nikolas 2 og Sivert.
Håper at gutane forsetter med den samme lagmoralen og innstillinga til dei kommande kampane. Kjennemerket har vore eit solid og trygt keeperspel, kompakt og aggresivt forsvar. Ei midtbane som kriger, vinn dueller og gir aldri opp. Og at eit angrepet som er skapande og sett målsjansane.
Stå på vidare gutar!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Hovedsponsor

Sparebanken Møre

Litt om IL Ravn

På ditt klubbhus på nett kan du orientere deg i eit aktivt idrettslag. Stoff til sidene (referat, artikler, bilder etc) kan sendes på epost til:
admin@il-ravn.no

Kommentarer

Arkiv