G14 vann spennande kamp mot Ørsta

31 mai 2013
Skrevet av:

G14 11ar 1. div: Ravn-Ørsta 3-2 (1-2)
Mål: Ruben H, Magnus S, Tobias H.

Ei scoring av Tobias Heggem på overtid sørga for at Ravn/Norborg sitt 11er lag vann 3-2 mot Ørsta i ein spennande, men ikkje altfor velspelt kamp tirsdag kvelden på Ravn stadion.

Ørsta tok leiinga tidleg i kampen etter eit fint angrep frå høgresida. Ravn/Norborg utligna ved Ruben Holmeset etter ei flott pasning frå Lars Daniel S Tennfjord. Mot spelets gang gjekk Ørsta opp til 2-1 like før pause. Heimelaget hadde i perioden etter 1-1 scoringa hatt fleire store sjansar, utan uttelling. I andre omgang fortsatt heimelaget å skape sjansar og det var fullt fortent då Magnus Seth sette i 2-2. Laget fortsatte å trykke på, men Ørsta var heller ikkje ufarlege på sine få visittar foran Ravn/Norborg sitt mål. Etter ei pasning i bakrom på overtid kom Tobias Heggem åleine med keeper og satte ballen i mål til stor jubel for spelarar og publikum. Laget viste flott moral ved å komme tilbake etter både 0-1 og 1-2 i ein fysisk krevande kamp mot eit solid Ørstalag.

11er laget har no fem seierar på rad og leder 1.divisjon. Hødd ligg seks poeng bak, men har to kampar mindre spelt.

Ravn/Norborg sitt 7er laget har 12 poeng på fire kampar. Det har med andre ord vore ein god mai for Ravn/Norborggutta sine 14 års lag. 11er og 7er laga har spelt 7 kampar og alle har enda med seier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Hovedsponsor

Sparebanken Møre

Litt om IL Ravn

På ditt klubbhus på nett kan du orientere deg i eit aktivt idrettslag. Stoff til sidene (referat, artikler, bilder etc) kan sendes på epost til:
admin@il-ravn.no

Kommentarer

Arkiv