Flott kamp av G14

14 mai 2013
Skrevet av:

G14 11er 1. div: Blindheim-Ravn 2-8.
G14 vann 8-2 seier borte mot Blindheim etter årsbeste. Tradisjonelt har vi fått slite mot Blindheim.

Laget tok initiativet frå start, skapte mange sjansar og leda 3-0 til pause – alle scoringa var av den vakre sorten; Benjamin F på heading i vinkelen etter corner, samme mann etter flott frispeling frå Parfait B før Anders Waagan scora på heil volley etter innlegg frå Tobias H. I andre omgang gjekk vi opp til 4-0 ved Tobias på straffespark etter at han sjøl var felt. Deretter scora Anders Waagan sitt andre mål og dermed 5-0,.

Deretter slapp vi Blinheim litt lett inn i kampen og dei fekk to mål, pluss at Andreas Eik redda straffespark. Deretter var det enveiskøyring og Magnus Seth scora ekte hat trick i løpet av 10 minutt. Det siste målet kom etter spel mot etablert forsvar der ballen var innom mange av våre på en- og to touch før Magnus scora frå kort hald. Solid laginnsats

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Hovedsponsor

Sparebanken Møre

Litt om IL Ravn

På ditt klubbhus på nett kan du orientere deg i eit aktivt idrettslag. Stoff til sidene (referat, artikler, bilder etc) kan sendes på epost til:
admin@il-ravn.no

Kommentarer

Arkiv