Damelaget vann i sesongstarten

01 mai 2013
Skrevet av:

Ravn Stadion.
4.div. 9er : Ravn – Herd2 6-4 (3-3).
Målscorarar for Ravn: Amanda Tenfjord, Ingrid Vatne, Andrea Noem, Cathrine Vatle 2 og Emilie “offside” Kalvatn.

Det vart ein litt merkelig kamp på Stadion tysdagskvelden. Etter mykje snø tidleg på dagen hadde Pål Devold rydda bana klar til kamp. Stor takk til Pål. Værmeldingane sa sol og opplett, men det vart det definitivt ikkje. Frå midten av første omgang lava snøen ned. Betra seg litt til 2.omg., men det var veldig vanskelege speleforhold.
Herd starta kampen veldig effektivt, og etter god “hjelp” frå Ravnjentene gjekk dei opp i ei tidleg 2-0 leiing, noko mot spelets gang. Ravn jobba seg sakte men sikkert inn i kampen, og kunne gå til pause med 3-3. Å spele til dommaren bles er eit gamalt godt slagord, og nettopp dette var eit brennheitt tema i Ravngarderoba i pausen. Vi bør la dommaren ta seg av dømminga.
I 2. omgang såg ikkje Ravnjentene seg tilbake, og hadde full kontroll på kampen. Dei takla snøforholda vesentleg betre enn Herd, og fekk faktisk vist mykje flott angrepsspel tross vanskelege forhold.
Flott innsats av alle jentene i dag, men “Dagens Ravnjentepris” vert i dag delt mellom Amanda og Cathrine, som begge gjorde ein fantastisk innsats i “maskinrommet” vårt.
Nok ein kamp der vi gjer det litt vanskeleg for oss, med ein dårleg start. Står kampen godt, men manglande effektivitet gjer kampen unødig spennande.
Kjekt for jentene med ein god sesongstart. Dessverre lenge til neste kamp som er borte mot Hødd2 22.mai.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Hovedsponsor

Sparebanken Møre

Litt om IL Ravn

På ditt klubbhus på nett kan du orientere deg i eit aktivt idrettslag. Stoff til sidene (referat, artikler, bilder etc) kan sendes på epost til:
admin@il-ravn.no

Kommentarer

Arkiv