A-laget vann 3-0 mot Hovdebygda

30 mai 2013
Skrevet av:

A-laget vann 3-0 mot Hovdebygda

5.divisjon Ravn stadion
Ravn – Hovdebygda 3-0 (1-0)

1-0 Trond Hamre (12)
2-0 Knut Egil Lid (50)
3-0 Even Vatneødegård (74)

Dommar: Arild Vegsund, Norborg- god
Kort: 3 gule og 1 raudt til Hovdebygda

Ravn gjennomførte nok ein solid heimekamp og tok 4. strake sigeren med 3-0 i toppoppgjeret mot Hovdebygda onsdag. Spelemessig var kampen ujamn i uvanleg sommarvarme, men Ravn var klart farlegast i angrep, og alle mann leverte jamn og god innsats i 90 minutt.

Ravn starta friskt, der seriedebutant frå start Thomas Bjørlykhaug på venstrebacken involverte seg med offensivt spel og var nære på scoring. Målet kom etter 12 minutt; måltjuven Trond var sikker og utnytta ei misforståing i HIL-forsvaret. Nærast 2-0 var det etter møljespel i feltet, og eit langskot frå Eivind som strauk tverrliggaren.

Gjestane gjorde det vanskeleg for seg sjølv da R. Roseth først pådrog seg gult kort etter nedsparking av Ravnspelar, med ballen langt unna. Oransjefarge på det kortet!
Like før pause var same mann på ferde igjen; då var han meir uheldig og for seint inn ei takling på Thomas. Gult – og raudt. På veg ut av banen lyrte den utviste til cornerflagget så det fauk i bitar, og han kan truleg vente seg utvida karantene for det sparket.

Mot 10 mann er det ikkje alltid lett å spele, og Ravn sleit ei stund med å få flyten framover, det vart litt for oppjaga til tider. Men banens bestemann, Knut Egil Lid, roa nervane med eit flott volleyskot tidleg i omgangen. Knut fungerte ypperleg som oppspelspunkt, tilretteleggar – og målscorar. Han var sterkt delaktig i 3-0 og; ei forsering og fin pasning til Trond på venstresida, som forserte og slo inn til Even som scora sikkert.

Siste kvarteret fekk Ravn sving på godspelet, let ballen gjere arbeidet og brukte kantane. Fleire store sjanser kom, men 3-0 stod seg kampen ut.

Utanom Knut syns vi midtstoppar Øyvind K Krogsæter utmerka seg med nok ein solid og oppofrande kamp. Saman med sine forsvarskollegaer hadde han bra kontroll, for bortsett frå nokre fantastiske innkast – med og utan salto – hadde Hovdebygda lite å by på framover. Men kastaren hadde gått rett inn på Stoke.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Hovedsponsor

Sparebanken Møre

Litt om IL Ravn

På ditt klubbhus på nett kan du orientere deg i eit aktivt idrettslag. Stoff til sidene (referat, artikler, bilder etc) kan sendes på epost til:
admin@il-ravn.no

Kommentarer

Arkiv