A-laget tapte 0-2 i historisk kamp

10 mai 2013
Skrevet av:

Ravn tapte 0-2 i Langevågen torsdag, i det som truleg er det første møtet gjennom tidene i obligatorisk kamp mellom desse klubbane.
Gultrøyene har fotballhistorie så det held i sunnmørsfotballen; så seint som på 70 talet var dei, Hødd og Aafk storklubbane på Sunnmøre. LIL har stort sett halde seg 2-3 divisjonar høgare enn Ravn, inntil no..

Det vart ein fartsfyllt kamp i høgt tempo, prega av mange tette duellar, men unødig oppstykka av ein dommar som let tvilstilfella gå 70-30 i heimefavør. Ravn heldt distansen ut og gjorde igjen ein god kamp og var ikkje langt unna poeng.

1-0 kom etter kvarteret, då eit hardt innlegg skrudde innover og fauk i borterste vinkel. Langevåg hadde overtaket, men skapte kun ein sjanse utanom målet. For Ravn var Geir Ellingsen frampå med eit frispark frå 40 meter som nesten lurte veterankeeper Vestre.

2.omgang var Ravn fullt på høgde og i perioder vel så det, men heimelagets ungdommelege og gode forsvar reid det av. Heimelaget kom til fleire kontringar, men også vårt forsvar var patent.

Eit frispark frå Øyvind K Krogssæter lurte nesten Vestre, men elles kom Ravn berre til nesten-sjanser. I sluttminutta vart det satsa alt framover, som resulterte i at Langevåg kontra inn 2-0 på overtid.

Oppsummert: Heimelaget eit lite hakk betre i faser av spelet, men Ravn heldt følge tempomessig, og hadde god struktur defensivt. Stopparane Koppen og Farstad storspelte, og godkjent++ og vel så det til samtlege. Greier gutane å mobilisere same innsats framover er det poengsjanse mot alle.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Hovedsponsor

Sparebanken Møre

Litt om IL Ravn

På ditt klubbhus på nett kan du orientere deg i eit aktivt idrettslag. Stoff til sidene (referat, artikler, bilder etc) kan sendes på epost til:
admin@il-ravn.no

Kommentarer

Arkiv