A-laget 3-1 over Vartdal

03 mai 2013
Skrevet av:

5. div.
Ravn – Vartdal 3-1 (1-1)
1-0 Even Vatneødegård (34)
1-1 ? (73)
2-1 Kim Krogsæter (80)
3-1 John Ivar Eide (83)
Dommar: Norvald Lausund, Lepsøy IL
Gule kort; Øyvind K. Krogsæter, 1 til Vartdal

God laginnsats, bra sjanseutnytting, og ikkje minst glimrande keeper- og forsvarsspel var viktigaste ingrediensane i A-lagets sterke 3-1 siger over Vartdal.
Ravn låg kompakt og lavt i motvinden før pause, og kom sjeldan opp og trua Vartdalsmålet. Det teknisk gode gjestelaget hadde ballen mykje, uten å skape dei store sjansane mot eit duellsterkt Ravnforsvar.
Ein dødball resulterte i 1-0, som Even putta i mål frå 14 cm etter mykje klabb og babb.
Ravn tok kommandoen etter pause, og midtbanekrigaren Geir Ellingsen, ein av Ravns beste, var frampå med ein suser i tverrliggaren. Men midt i omgangen kom Vartdal tilbake, og fekk eit par megasjanser etter sjeldne feil i Ravnforsvaret. Då stod keeper Martin Skaar Vadset fram: først ein beinparade då spissen kom åleine. Litt etter med ei ufatteleg reaksjonredning. Headinga frå kort hald «såg» alle i mål, men på eit uforklarleg vis fekk han opp handa og fista til corner.
Men like etter var Martin sjanselaus då Vartdal kom åleine igjennom og gjorde 1-1.
Ravn svarte nesten omgåande, på ei perfekt kontring spelte Eivind fri Kim, som avanserte og scora sikkert.
John Ivar Eide hadde eit friskt innhopp på topp, og skapte eit par sjanser på eiga hand. På ein corner som han spelte seg til steig han til vers og heada fint inn 3-1. Da gjekk lufta ut av Vartdal og Ravn kontrollerte inn til siger. Fortent nok; Ravn var hakket kvassare i duellane og hadde meir tyngde i angrepsspelet.
Ein solid kamp av våre gutar, som ser ser ut til å ha løfta seg ytterlegare etter den fine sesongen i fjor.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Hovedsponsor

Sparebanken Møre

Litt om IL Ravn

På ditt klubbhus på nett kan du orientere deg i eit aktivt idrettslag. Stoff til sidene (referat, artikler, bilder etc) kan sendes på epost til:
admin@il-ravn.no

Kommentarer

Arkiv