Seriefotballen rullar igjen!

16 april 2013
Skrevet av:

Årets første seriekamp på Ravn Stadion vart spelt i går.
Det var J14 Ravn 2 som var i aksjon mot nabo Brattvåg.

J14 2. div 7ar: Ravn 2-Brattvåg 3-3 (0-2).
Mål: Elisabeth Krogsæter, Emma Grytten, Benedicte Kofoed.
I 1. omgang hadde Ravn ballen mest, men det var Brattvåg som
skåra måla. 2 mål på kjappe kontringar der vi var for passive.
Ravn hadde mykje sjansar, men lite gode avslutningar.
I 2. omgang pressar vi stort og i løpet av dei 8 første minutta
har vi utlikna til 2-2. Vi har no mykje sjansar som vi brenn. I staden slepp
vi igjen til Brattvåg med ei kontring, og dei leiar 2-3. Det tek ikkje lang tid
før vi utliknar igjen med eit flott mål av Benedicte, og det står 3-3.
Siste kvarter av kampen har vi mange sjansar til å avgjere, men Brattvåg
er heller ikkje ufarlege. Ingen av laga greier å skåre igjen og dermed 3-3
og poengdeling. Fin kamp av Brattvåg med sitt unge lag. Spesielt lot vi
oss imponere av unge Olivia Valde født i 2001 (og ex. Ravning). Våre
jenter såg litt daffe ut i går, spesielt 1. omgangen var langt under middels.
Men vi gler oss til fortsettelsen. Med ein stor og god stall, skal J14 spele både
9ar-fotball, og vi skal prøve oss i 1. divisjon mot dei aller beste laga.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Hovedsponsor

Sparebanken Møre

Litt om IL Ravn

På ditt klubbhus på nett kan du orientere deg i eit aktivt idrettslag. Stoff til sidene (referat, artikler, bilder etc) kan sendes på epost til:
admin@il-ravn.no

Kommentarer

Arkiv