Joakim Barstad på G15-landslaget!

12 april 2013
Skrevet av:


G15-landslaget skal 1.-5. mai til Trieste i Italia og delta i ei internasjonal turnering.
18 spelarar er tatt ut i troppa, og vår eigen Joakim Barstad er blant desse.
Joakim er ein av mange gode spelarar frå vår 98-årgang. I sommar gjekk han til Aafk (saman
med Jørgen Hatlehol) for å utvikle seg vidare som fotballspelar. Ved å bli tatt ut i troppa er
det ikkje lenger tvil om at Joakim er blant dei aller mest talentfulle spelarane i landet født i 98.
Han er den einaste spelaren frå Møre og Romsdal som er med. I innleiande runder skal Norge
møte Montenegro, Canada og Kroatia. Utruleg bra jobba av Joakim som har kome seg so langt.
Ei fin fjør i hatten og til foreldra som har lagt ned utallige timar blant anna med tilrettelegging
og køyring land og strand. Trenarar i Ravn som har lagt ned x antall tusen timar slik at gutane
har hatt eit godt tilbod skal heller ikkje gløymast.
I dag er vi alle stolte Ravningar!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Hovedsponsor

Sparebanken Møre

Litt om IL Ravn

På ditt klubbhus på nett kan du orientere deg i eit aktivt idrettslag. Stoff til sidene (referat, artikler, bilder etc) kan sendes på epost til:
admin@il-ravn.no

Kommentarer

Arkiv