J14 9er: Herd-Ravn 5-3 (3-0)

29 april 2013
Skrevet av:

Det vart tap for Ravnjentene i serieåpninga i 9er-fotballen.
Likevel ein godt gjennomført kamp av jentene. Vi var det førandes laget
dei 25 første minutta av kampen, og burde nok ha leia med eit mål eller
to etter ei god åpning. I staden for har vi 10 dårlege minutt på slutten av
omgangen, der vi slepp inn 3 mål, og ligg dermed under 3-0 til pause.
Nokre få sekund ut i 2. omgang ser det meste køyrt ut når Herd aukar til 4-0.
Men jentene vil det annaleis, gir ikkje opp, og kjem seg inn i kampen igjen. Vi har igjen spelet,
og i motsetnad til i 1. omgang skårar vi no mål i tillegg. 20 minutt ut i 2. omgang har vi redusert
til 4-3, etter skåringar av Fride, Anja og Sonja. Vi jagar no utlikninga, spelar oss til gode sjansar,
men lukkast ikkje med å få ballen i mål. Det gjer imidlertid Herd på ei kontring i siste speleminutt,
og sender oss med det heim utan poeng. Vi skal møte Herd 2 gonger til i 9er-fotball i år, og også 2 gonger
i 7er 1. divisjon, så vi ser fram til mange tette oppgjer mellom desse to gode laga.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Hovedsponsor

Sparebanken Møre

Litt om IL Ravn

På ditt klubbhus på nett kan du orientere deg i eit aktivt idrettslag. Stoff til sidene (referat, artikler, bilder etc) kan sendes på epost til:
admin@il-ravn.no

Kommentarer

Arkiv