Damelaget vann 5-2 i Nordøyhallen.

25 april 2013
Skrevet av:

Nordøyhallen.
HaNo – Ravn 2-5 (2-2).
Målscorarar for Ravn: Ingrid Åsemyr 2, Ingeborg Førdestrøm, Amanda Tenfjord, Pauline Neergård.
Laget ellers: Andrea Noem, Emilie Kalvatn, Marie Henriksen, Iren Iversen, Birgitte Hånes, Ingrid Vatne, Martine Otterlei,Oda Christensen.

Eg er ein person som trivst godt ute, men må berre tilstå at når det er sterk kuling og halbyger, så er det fantastisk å kome inn i Nordøyhallen.
Så til kampen.
Jentene starta (som vanlig) litt famlande, men spelte seg opp etterkvart, og i siste omgang (vi spelte 4x20min.) hadde vi full kontroll på kampen. Med litt meir besluttsomheit framfor kassa, kunne det vorte mykje meir. Mest positive er at vi står kampen heilt ut, og no ser vi konturar av eit mykje meir “bevisst” angrepsspel. Gjennombrot på kant, gode vinkla innlegg, etc.
Nyttig kamp der vi fekk prøvd ut forskjellige konstellasjonar, så no byrjar serielaget å ta form.
“Dagens Ravnjentepris” må denne gangen gå til Ingrid Åsemyr, som jobba utrettelig heile kampen, tok imot utrulig mykje juling, men fekk løn for strevet med to fine mål.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Hovedsponsor

Sparebanken Møre

Litt om IL Ravn

På ditt klubbhus på nett kan du orientere deg i eit aktivt idrettslag. Stoff til sidene (referat, artikler, bilder etc) kan sendes på epost til:
admin@il-ravn.no

Kommentarer

Arkiv