Damelaget 6-4 mot Hareid

19 april 2013
Skrevet av:

Ravn – Hareid 6-4 (2-2).
Målscorarar for Ravn: Ingrid Vatne 2, Amanda Tenfjord 2, Ingrid Åsemyr, Marie Henriksen.
Som vanlig stødig og god dømming av Eivind Hagen.

Det vart ein heller målrik kamp då damelaget møtte Hareid, til treningskamp, på Ravn Stadion måndagskvelden.
Av alle mulige kombinasjonar spelte vi 8er på 7er-bane med 11er-mål. Ikkje rart at jentene fekk ein heller treg start på kampen. Hareid gjekk ganske tidleg opp i ei 2-0 leiing, mot spelets gang. Ravn sleit litt med formasjonane i forsvar, og framover var det “de aller største forspilte sjansers kamp. Eller som lagleiar Håvard Noem sa – “har ikkje sett på maken til stang ut kamp”. Han som er Leeds og RBK – supporter har no sett mange sånne då.
Heldigvis for Ravn kom Ingrid Vatne inn og var med å snu kampen med sine to mål i første omgang. 2-2 til pause. I andre omgang hadde Ravn god kontroll på kampen, og vann til slutt greitt. Må nemne spesielt ei kanonkule i krysset av Amanda. (fantastisk)
Kampen viser at vi har litt å jobbe med i begge endane av bana, og det skal vi fikse fram mot seriestart, som er 30.april mot Herd.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Hovedsponsor

Sparebanken Møre

Sponsor 2017

Litt om IL Ravn

På ditt klubbhus på nett kan du orientere deg i eit aktivt idrettslag. Stoff til sidene (referat, artikler, bilder etc) kan sendes på epost til:
admin@il-ravn.no

Kommentarer

Arkiv