Månedlig arkiv: april 2013

J14 9er: Herd-Ravn 5-3 (3-0)

29 april 2013
Skrevet av:

Det vart tap for Ravnjentene i serieåpninga i 9er-fotballen.
Likevel ein godt gjennomført kamp av jentene. Vi var det førandes laget
dei 25 første minutta av kampen, og burde nok ha leia med eit mål eller
to etter ei god åpning. I staden for har vi 10 dårlege minutt på slutten av
omgangen, der vi slepp inn 3 mål, og ligg dermed under 3-0 til pause.
Nokre få sekund ut i 2. omgang ser det meste køyrt ut når Herd aukar til 4-0.
Men jentene vil det annaleis, gir ikkje opp, og kjem seg inn i kampen igjen. Vi har igjen spelet,
og i motsetnad til i 1. omgang skårar vi no mål i tillegg. 20 minutt ut i 2. omgang har vi redusert
til 4-3, etter skåringar av Fride, Anja og Sonja. Vi jagar no utlikninga, spelar oss til gode sjansar,
men lukkast ikkje med å få ballen i mål. Det gjer imidlertid Herd på ei kontring i siste speleminutt,
og sender oss med det heim utan poeng. Vi skal møte Herd 2 gonger til i 9er-fotball i år, og også 2 gonger
i 7er 1. divisjon, så vi ser fram til mange tette oppgjer mellom desse to gode laga.

Damelaget vann 5-2 i Nordøyhallen.

25 april 2013
Skrevet av:

Nordøyhallen.
HaNo – Ravn 2-5 (2-2).
Målscorarar for Ravn: Ingrid Åsemyr 2, Ingeborg Førdestrøm, Amanda Tenfjord, Pauline Neergård.
Laget ellers: Andrea Noem, Emilie Kalvatn, Marie Henriksen, Iren Iversen, Birgitte Hånes, Ingrid Vatne, Martine Otterlei,Oda Christensen.

Eg er ein person som trivst godt ute, men må berre tilstå at når det er sterk kuling og halbyger, så er det fantastisk å kome inn i Nordøyhallen.
Så til kampen.
Jentene starta (som vanlig) litt famlande, men spelte seg opp etterkvart, og i siste omgang (vi spelte 4x20min.) hadde vi full kontroll på kampen. Med litt meir besluttsomheit framfor kassa, kunne det vorte mykje meir. Mest positive er at vi står kampen heilt ut, og no ser vi konturar av eit mykje meir “bevisst” angrepsspel. Gjennombrot på kant, gode vinkla innlegg, etc.
Nyttig kamp der vi fekk prøvd ut forskjellige konstellasjonar, så no byrjar serielaget å ta form.
“Dagens Ravnjentepris” må denne gangen gå til Ingrid Åsemyr, som jobba utrettelig heile kampen, tok imot utrulig mykje juling, men fekk løn for strevet med to fine mål.

G14 Ravn/Norborg

24 april 2013
Skrevet av:

G14 er alt ferdig med to seriekampar. Dette er 11er-laget som spelar i 1. divisjon.
Hødd 1-Ravn/Norborg 4-2. Hødd 1 er sannsynlegvis det beste laget på Sunnmøre, men Ravn/Norborg ga dei god kamp.
Ravn/Norborg-Herd 6-0. Solid kamp av Ravn/Norborg i ruskeveret på Ravn Stadion i går kveld.
G14 stiller og med eit 7er-lag som ikkje har sesongåpna enno.

Storsiger til A-laget i serieåpninga

22 april 2013
Skrevet av:

5. div: Ravn – Åheim 9-0 (5-0)

Ravn stadion 20.04.13

Da er endelig kampen om poengene i gang og den første kampen skulle vise seg å kun handle om heimelaget. Åheim er av mange
nettsider spådd å være nederst på tabellen, og etter det dei viste på Ravn stadion så ser det ut til at dei kan få rett.
Ravn hadde full kontroll fra start av og det var berre eit spørsmål om kor stor sigeren skulle bli. Etter å ha spolert nokre store sjanser
så var det Eivind Ulla som skulle få æra av å lage årets første seriemål i det 18.min.
Rett etter pause så vart alle som starta kampen på benken bytta inn. 4 mål i denne omgangen viser at vi har fått god bredde.

Mål : Eivind Ulla 3 , Trond Hamre 3 , Knut Egil Lid , Øyvind Krogsæter , Jon Ivar Eide

Neste kamp er heime mot Vartdal 2/5. Da blir det heilt sikkert en tøffere kamp, dei har gått ut med målsetting om å ende på topp 3.

Damelaget 6-4 mot Hareid

19 april 2013
Skrevet av:

Ravn – Hareid 6-4 (2-2).
Målscorarar for Ravn: Ingrid Vatne 2, Amanda Tenfjord 2, Ingrid Åsemyr, Marie Henriksen.
Som vanlig stødig og god dømming av Eivind Hagen.

Det vart ein heller målrik kamp då damelaget møtte Hareid, til treningskamp, på Ravn Stadion måndagskvelden.
Av alle mulige kombinasjonar spelte vi 8er på 7er-bane med 11er-mål. Ikkje rart at jentene fekk ein heller treg start på kampen. Hareid gjekk ganske tidleg opp i ei 2-0 leiing, mot spelets gang. Ravn sleit litt med formasjonane i forsvar, og framover var det “de aller største forspilte sjansers kamp. Eller som lagleiar Håvard Noem sa – “har ikkje sett på maken til stang ut kamp”. Han som er Leeds og RBK – supporter har no sett mange sånne då.
Heldigvis for Ravn kom Ingrid Vatne inn og var med å snu kampen med sine to mål i første omgang. 2-2 til pause. I andre omgang hadde Ravn god kontroll på kampen, og vann til slutt greitt. Må nemne spesielt ei kanonkule i krysset av Amanda. (fantastisk)
Kampen viser at vi har litt å jobbe med i begge endane av bana, og det skal vi fikse fram mot seriestart, som er 30.april mot Herd.

G2002 turnering i Brattvåghallen

16 april 2013
Skrevet av:

Gutter 2002 har vært i Brattvåghallen og spilt treningsturnering før serie cupen starter.
Det startet med to gode kamper mot Brattvåg Rovers og Brattvåg United.
Så stokket det meste seg i siste kamp mot Ellingsøy Gul, og den gjekk litt dårleg.
Godt fornøyd gjeng som gleder seg til fortsettelsen av sesongen.

Seriefotballen rullar igjen!

16 april 2013
Skrevet av:

Årets første seriekamp på Ravn Stadion vart spelt i går.
Det var J14 Ravn 2 som var i aksjon mot nabo Brattvåg.

J14 2. div 7ar: Ravn 2-Brattvåg 3-3 (0-2).
Mål: Elisabeth Krogsæter, Emma Grytten, Benedicte Kofoed.
I 1. omgang hadde Ravn ballen mest, men det var Brattvåg som
skåra måla. 2 mål på kjappe kontringar der vi var for passive.
Ravn hadde mykje sjansar, men lite gode avslutningar.
I 2. omgang pressar vi stort og i løpet av dei 8 første minutta
har vi utlikna til 2-2. Vi har no mykje sjansar som vi brenn. I staden slepp
vi igjen til Brattvåg med ei kontring, og dei leiar 2-3. Det tek ikkje lang tid
før vi utliknar igjen med eit flott mål av Benedicte, og det står 3-3.
Siste kvarter av kampen har vi mange sjansar til å avgjere, men Brattvåg
er heller ikkje ufarlege. Ingen av laga greier å skåre igjen og dermed 3-3
og poengdeling. Fin kamp av Brattvåg med sitt unge lag. Spesielt lot vi
oss imponere av unge Olivia Valde født i 2001 (og ex. Ravning). Våre
jenter såg litt daffe ut i går, spesielt 1. omgangen var langt under middels.
Men vi gler oss til fortsettelsen. Med ein stor og god stall, skal J14 spele både
9ar-fotball, og vi skal prøve oss i 1. divisjon mot dei aller beste laga.

Joakim Barstad på G15-landslaget!

12 april 2013
Skrevet av:


G15-landslaget skal 1.-5. mai til Trieste i Italia og delta i ei internasjonal turnering.
18 spelarar er tatt ut i troppa, og vår eigen Joakim Barstad er blant desse.
Joakim er ein av mange gode spelarar frå vår 98-årgang. I sommar gjekk han til Aafk (saman
med Jørgen Hatlehol) for å utvikle seg vidare som fotballspelar. Ved å bli tatt ut i troppa er
det ikkje lenger tvil om at Joakim er blant dei aller mest talentfulle spelarane i landet født i 98.
Han er den einaste spelaren frå Møre og Romsdal som er med. I innleiande runder skal Norge
møte Montenegro, Canada og Kroatia. Utruleg bra jobba av Joakim som har kome seg so langt.
Ei fin fjør i hatten og til foreldra som har lagt ned utallige timar blant anna med tilrettelegging
og køyring land og strand. Trenarar i Ravn som har lagt ned x antall tusen timar slik at gutane
har hatt eit godt tilbod skal heller ikkje gløymast.
I dag er vi alle stolte Ravningar!

Tap for alaget

02 april 2013
Skrevet av:

Norborg-Ravn 6-1 (0-1).
Alaget var 2. påskedag i Uggedalen og spelte treningskamp.
Norborg som har vorte reine «fremmedlegionen», viste seg som
det klart beste laget og vann komfortabelt. Ravn hang bra med i starten
og leia faktisk til pause. Etter pause kom divisjonsforskjellen klart til syne,
og Norborg vann fortjent. Dette laget vil heilt klart kjempe i toppen på
4. divisjon. Men vi hadde meir sansen for Norborg tidlegare når dei greidde
det med lokale gutar frå Grytastranda og Søvika.

Hovedsponsor

Sparebanken Møre

Sponsor 2017

Litt om IL Ravn

På ditt klubbhus på nett kan du orientere deg i eit aktivt idrettslag. Stoff til sidene (referat, artikler, bilder etc) kan sendes på epost til:
admin@il-ravn.no

Kommentarer

Arkiv