IL Ravn satsar vidare!

21 februar 2013
Skrevet av:

Garderobebygg

Det har vore jobba godt i IL Ravn dei siste åra. Etter at klubbens desidert største løft, kunstgrasbana, stod ferdig hausten 2008, er det med glede vi no kan melde at anlegget er nedbetalt. Tusen takk til alle dei frivillige som har stått på for idrettslaget, og som har gjort (og gjer) ein uvurderleg innsats.

Men vi kan ikkje kvile av den grunn. IL Ravn er ein høgst oppegåande 99-åring, og det blir no jobba med nye prosjekt. Øverst på lista over store prosjekt finn vi eit nytt garderobebygg. Dagens garderober har utspelt si rolle. Med alle laga og all aktiviteten som er på stadion treng ein nye lokalitetar. Ofte blir det spelt fleire kampar samstundes, både jenter og gutar, så ein treng fleire garderober. Det nye bygget som er under planlegging inneheld 4 garderober med dusj/wc, dommergarderober, kiosklokaler, publikumstoalett, lagringsplass for utstyr, klubblokaler/kafeteria/kontor, samt sitjeplassar for publikum.

Med eit slikt bygg på plass vil det bli utruleg kjekt for både aktive og besøkande på Ravn Stadion. Slik som det er i dag er det mange foreldre som er innom stadion når det er kamp og trening. Med ei slik storstove på plass vil det bli mykje kjekkare for desse, og vi trur heilt sikkert at det og vil bli fleire som då møter opp under trening og kamp.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Hovedsponsor

Sparebanken Møre

Litt om IL Ravn

På ditt klubbhus på nett kan du orientere deg i eit aktivt idrettslag. Stoff til sidene (referat, artikler, bilder etc) kan sendes på epost til:
admin@il-ravn.no

Kommentarer

Arkiv