Månedlig arkiv: februar 2013

G16 klar for 1. divisjon

26 februar 2013
Skrevet av:

G16 kvalifiserte seg i kveld for spel i 1.divisjon etter 3-1 siger mot Emblem.
Emblem leia 1-0 til pause. Ravn dominerte stort i 2. omgang og vann fullt fortjent 3-1. Nikolas Fjørtoft skåra alle måla til Ravn. I kvaliken har ein dermed vunne mot Emblem, Langevåg og Hareid, samt tapt mot Spjelkavik. Dette er sterkt av laget. Spesielt med tanke på at i sommar gjekk to av spelerane (Joakim Barstad og Jørgen Hatlehol) til AaFK, medan Ole Christan Årseth gjekk til Norborg i vinter. Men desse resultata viser at her fortsatt er mange talent, og nye kjem til.

Fortsettande årsmøte i IL Ravn

25 februar 2013
Skrevet av:

Det vert halde fortsettande årsmøte i IL Ravn torsdag 02. mai kl 18:00 på Eidet Kulturhall.
Vanlege årsmøtesaker. Saksliste: ÅRSMØTE I IL RAVN- sakliste 2 02.05.2013

IL Ravn satsar vidare!

21 februar 2013
Skrevet av:

Garderobebygg

Det har vore jobba godt i IL Ravn dei siste åra. Etter at klubbens desidert største løft, kunstgrasbana, stod ferdig hausten 2008, er det med glede vi no kan melde at anlegget er nedbetalt. Tusen takk til alle dei frivillige som har stått på for idrettslaget, og som har gjort (og gjer) ein uvurderleg innsats.

Men vi kan ikkje kvile av den grunn. IL Ravn er ein høgst oppegåande 99-åring, og det blir no jobba med nye prosjekt. Øverst på lista over store prosjekt finn vi eit nytt garderobebygg. Dagens garderober har utspelt si rolle. Med alle laga og all aktiviteten som er på stadion treng ein nye lokalitetar. Ofte blir det spelt fleire kampar samstundes, både jenter og gutar, så ein treng fleire garderober. Det nye bygget som er under planlegging inneheld 4 garderober med dusj/wc, dommergarderober, kiosklokaler, publikumstoalett, lagringsplass for utstyr, klubblokaler/kafeteria/kontor, samt sitjeplassar for publikum.

Med eit slikt bygg på plass vil det bli utruleg kjekt for både aktive og besøkande på Ravn Stadion. Slik som det er i dag er det mange foreldre som er innom stadion når det er kamp og trening. Med ei slik storstove på plass vil det bli mykje kjekkare for desse, og vi trur heilt sikkert at det og vil bli fleire som då møter opp under trening og kamp.

Påmelding i ungdomsklassene

20 februar 2013
Skrevet av:

Påmeldinga av lag i ungdomsklassene er no unnagjort og IL Ravn har meldt på desse laga:
G19-11er Ravn/Brattvåg
G16-11er Ravn
G14-11er Ravn/Norborg
G14-7er Ravn/Norborg
G13-11er Ravn
J14-9er Ravn
J14-7er Ravn 1
J14-7er Ravn 2
J13-7er Ravn

Hovedsponsor

Sparebanken Møre

Sponsor 2017

Litt om IL Ravn

På ditt klubbhus på nett kan du orientere deg i eit aktivt idrettslag. Stoff til sidene (referat, artikler, bilder etc) kan sendes på epost til:
admin@il-ravn.no

Kommentarer

Arkiv