Futsal-KM J13

02 januar 2013
Skrevet av:

Laurdag 05. og søndag 06. januar arrangerer Ravn futsal-KM for J13 (f. 1999).
16 lag deltek. Dei er delt inn i 4 puljer på 4 lag. Dei to beste laga i kvar pulje går
til A-sluttspel, medan dei to neste går til B-sluttspel.

Webredaksjonen trur Sykkylven, Skodje eller Blindheim stikk av med KM-tittelen.
Hødd og Herd kan nok og blande seg inn i teten. Frå Haram stiller Ravn, Norborg og Brattvåg.
Desse laga er truleg ikkje heilt på nivå med dei beste, men kan på ein god dag kome seg til
A-sluttspel.

Ravn er i pulje med Hødd 1, Ørsta og VRF, der dei er seeda som nr 3, bak Hødd 1 og Ørsta.
Ravn spelar sine kampar i innleiande runde laurdag kl 15:37, 17:09 og 19:04.
Og så er det då A eller B-sluttspel på søndag.

Kampoppsett finn du her: Kampoppsett

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Hovedsponsor

Sparebanken Møre

Litt om IL Ravn

På ditt klubbhus på nett kan du orientere deg i eit aktivt idrettslag. Stoff til sidene (referat, artikler, bilder etc) kan sendes på epost til:
admin@il-ravn.no

Kommentarer

Arkiv