Bronse til J14 Ravn/Norborg i futsal-KM!

21 januar 2013
Skrevet av:

Knallsterk siger 3-1 i bronsefinalen mot Blindheim 1.

A-sluttspelet gjekk over all forventning for J14-jentene.
I første kamp laurdagen starta laget som vanleg litt forsiktig,
og gjekk på ein smell.
Det vart 4-0 tap mot Skodje. Det stod 0-0 til over halvspelt,
men når Skodje fekk hol på byllen, rakna det for jentene.
I laurdagens andre kamp som gjekk mot Hareid var ein nødt til å vinne.
Jentene gjorde jobben på flott vis, vann 3-1, etter først å ha gått opp i ei
komfortabel 3-0 leiing. I første kamp på søndag var det Brattvåg ein
måtte slå. Det gjekk og greit, og jentene vann 1-0. Dei begynte no
å sjå ut som eit typisk turneringslag som kjem sterkare og sterkare utover.
I siste kamp møtte vi Sykkylven, og jentene vann og denne 1-0.

Ein var dermed klar for semifinale mot Guard. Den vart jamnspelt og det stod
0-0 til det nesten var slutt. Vi leda 5-3 på cornera og hadde dermed gått til finalen,
dersom kampen enda 0-0. Dessverre fekk Guard pirka inne eit mål etter ein corner
heilt på tampen. Litt surt, men marginane er små i futsal i så tette kampar.

Då vart det bronsefinale mot Blindheim 1, som tidleg i sluttspelet såg ut som det
sterkaste laget av alle. Men Ravn/Norborg spelte ein meget god kamp i bronsfinalen
og vann den fullt fortjent 3-1 mot eit Blindheimlag som såg meir slitent ut en det
Ravn/Norborg gjorde. Dermed vart det ein fin pokal til premieskapet vårt!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Hovedsponsor

Sparebanken Møre

Litt om IL Ravn

På ditt klubbhus på nett kan du orientere deg i eit aktivt idrettslag. Stoff til sidene (referat, artikler, bilder etc) kan sendes på epost til:
admin@il-ravn.no

Kommentarer

Arkiv