Månedlig arkiv: januar 2013

Bronse til J14 Ravn/Norborg i futsal-KM!

21 januar 2013
Skrevet av:

Knallsterk siger 3-1 i bronsefinalen mot Blindheim 1.

A-sluttspelet gjekk over all forventning for J14-jentene.
I første kamp laurdagen starta laget som vanleg litt forsiktig,
og gjekk på ein smell. Les meir »

Ny spelar til damelaget

17 januar 2013
Skrevet av:

Iren Vister Iversen har no signert for Ravn, og blir ein fin
tilvekst til det nystarta damelaget. Iren har tidlegare
spela for Skarbøvik, og er busett på Vatne.

G99 vinterserien

09 januar 2013
Skrevet av:

Ravn/Norborg-Rollon 4-3
Ravn Stadion 08.01.2013.
Det var to gode lag som spelte god og underhaldande fotball på Ravn Stadion i går kveld.
Det var fine speleforhold og Ravn/Norborg vann fortjent. Ravn og Norborg vil i denne årsgruppa (G99)
søke om samarbeidslag. Vi såg i går at det nok vil bli kjekt for spelerane med ei så stor og god spelargruppe.

Spelarmøte damelag

07 januar 2013
Skrevet av:

Det blir spelarmøte for damelaget tirsdag 08. januar kl 18:15 i Eidet Kulturhall.
Alle som har lyst til å vere med på damelaget i år må møte. Møt også opp å høyr
om opplegget sjølv om du er usikker på om du skal vere med.

Skodje vinnar av futsal-KM J13

06 januar 2013
Skrevet av:

Glade og fortjente vinnarar frå Skodje

I finalen vann Skodje 3-0 mot Blindheim.
I bronsefinalen vann Sykkylven 4-1 mot Brattvåg.
Skodje, Blindheim og Sykkylven fortjente alle sin plass på «pallen».
Dei var eit hakk bedre enn resten.

Ravnjentene litt skuffa i dag etter å ha tapt sine kampar i A-sluttspelet,
etter ein dag der ein var litt under middels.

Det vanka og mykje skryt til Ravn som arrangør.
Veldig godt gjennomført arrangement.

1. dag av futsal-KM J13 over.

05 januar 2013
Skrevet av:

Innleiande runder er no ferdige. Ravn overraska og vann pulja si.
Dei andre puljene vart vunne av Sykkylven, Blindheim og Skodje.
Norborg, Volda, Hødd 1 og Brattvåg vart nr 2 i puljene. Desse
8 laga møtast i morgon til A-sluttspel, og KM-vinnaren blir kåra
i morgon kveld.
Først på søndagen er det B-sluttspel der Spjelkavik 1, Spjelkavik 2,
Ørskog, Hasundgot, Ørsta, VRF, Hødd 2 og Herd.

Resultat finn du her: Resultat og kampoppsett.

Futsal-KM J13

02 januar 2013
Skrevet av:

Laurdag 05. og søndag 06. januar arrangerer Ravn futsal-KM for J13 (f. 1999).
16 lag deltek. Dei er delt inn i 4 puljer på 4 lag. Dei to beste laga i kvar pulje går
til A-sluttspel, medan dei to neste går til B-sluttspel.

Webredaksjonen trur Sykkylven, Skodje eller Blindheim stikk av med KM-tittelen.
Hødd og Herd kan nok og blande seg inn i teten. Frå Haram stiller Ravn, Norborg og Brattvåg.
Desse laga er truleg ikkje heilt på nivå med dei beste, men kan på ein god dag kome seg til
A-sluttspel.

Ravn er i pulje med Hødd 1, Ørsta og VRF, der dei er seeda som nr 3, bak Hødd 1 og Ørsta.
Ravn spelar sine kampar i innleiande runde laurdag kl 15:37, 17:09 og 19:04.
Og så er det då A eller B-sluttspel på søndag.

Kampoppsett finn du her: Kampoppsett

Hovedsponsor

Sparebanken Møre

Sponsor 2017

Litt om IL Ravn

På ditt klubbhus på nett kan du orientere deg i eit aktivt idrettslag. Stoff til sidene (referat, artikler, bilder etc) kan sendes på epost til:
admin@il-ravn.no

Kommentarer

Arkiv