Det meste på plass i ungdomsklassene i Ravn

07 desember 2012
Skrevet av:

I god tid før jula set inn er mykje på plass i ungdomsfotballen/senior i Ravn.
G13 trenarar ikkje heilt avklart.
G14 vil bli trena av Jan Petter Hagen.
Litt usikkert når det gjeld kva lag ein stiller. Kretsen har no oppe forslag om
å slå saman 13 og 14 årsklassane når det gjeld 11ar-lag. Så kva som skjer i Ravn
er litt avhengig av kva som blir bestemt på kretstinget. Her kan det bli eit 11ar-lag,
det kan bli to 11ar-lag, det kan bli eit 11ar-lag og eit 7ar-lag. Først må kretstinget bestemme seg.
G16 vil bli trena av Per Ove Vatnehol. 11ar-lag.
Junior vil bli trena av Jan Even Hatlehol og Terje Ødegaard. 11ar-lag.
J13 vil bli trena av Tor-Inge Hagset. 7ar-lag.
J14 vil bli trena av Øystein Grytten. Her er det ikkje heilt avklart kor mange spelarar vi blir.
Det kan bli eit 7ar-lag, det kan bli to 7ar-lag, det kan bli 11ar-lag om der blir 11ar-serie.
J16. Her blir det mest truleg stilt eit 7ar-lag. Trenar ikkje avklart.
Damelag. Ravn stiller igjen med damelag! Vil bli trena av Per Åsemyr. Om dette blir eit
7ar-lag, 9ar-lag (det er fremma forslag om 9ar-serie som vil bli avgjort på kretstinget) eller 11ar-lag
er uvisst. Om det blir starta opp 9ar-serie, er vel muligens eit 9ar-lag det mest sannsynlege.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Hovedsponsor

Sparebanken Møre

Sponsor 2017

Litt om IL Ravn

På ditt klubbhus på nett kan du orientere deg i eit aktivt idrettslag. Stoff til sidene (referat, artikler, bilder etc) kan sendes på epost til:
admin@il-ravn.no

Kommentarer

Arkiv