Strålande av J16 – SØLV og 4.plass i inne KM.

13 november 2012
Skrevet av:


Etter fantastisk innsats i innleiande kampar går begge Ravn sine lag vidare til sluttspel, som puljevinnarar.
Ravn 2: 3-0 mot Ørsta, 2-0 mot Herd 1 og 3-0 mot Hessa. 9 poeng og 8-0 i målskilnad. Toppscorar : Ingrid Åsemyr med 4 mål.
Ravn 1: 2-1 mot Langevåg, 4-0 mot Vartdal og 4-0 mot Sykkylven 2. 9 poeng og 10-1 i målskilnad. Toppscorar Amanda Tenfjord med 5 mål.
At “vesle” Ravn skal ha 2 av 5 puljevinnar etter første dag er nesten uvirkelig.
Strålande innsats av jentene, og vi gler oss til morgendagens kampar.
Ravn 2 skal møte Langevåg og Volda 2, Ravn 1 skal møte Herd 2(beste Herd-laget) og Brattvåg.

Søndagen starta med mellomspel. 4 puljer med 3 lag i kvart. Puljevinnarar direkte til semifinale.

Ravn 2: 0-0 mot Langevåg og 1-1 mot Volda 2. Einaste håpet for semifinale var at Langevåg og Volda2 spela 0-0 i siste kamp, og det gjorde dei sjølvsagt, og vi var klare for myntkast om retten til semifinaleplass.
Dette vart litt pussig for Ravn2 sin kaptein Ingrid Å. Ho sa først at ho ville ha “krone”, så fekk Volda2 plutselig førstevalget og dei ville også ha “krone”. Då måtte Ingrid ta til takke med “mynt”, og det vart det, og Ravn2 var klare for semifinale.
Jubelbrøla/hyla høyrde ein nok over halve Sulalandet.

Ravn1 starta mot turneringsfavorittane Herd2. Taktikken var å halde laget tett samla, og å nekte stjernespelaren Martine Ellefsen rom. Det greidde jentene (spesielt Pauline Neergård) svært bra, og resultatet vart 2-2, og håpet var der fortsatt. Herd2 hadde nemlig slått Brattvåg tidlegare på dagen 3-1. Dvs. at Ravn måtte vinne med 3 mål mot Brattvåg, og det gjorde dei sjølvsagt. Blandt anne atter to fantastiske mål av Marie Henriksen og Andrea Noem.
Så var det klart for semifinale mellom Ravn1 og Ravn2. Litt uvirkelig for trenarane, og vi let difor jentene gjere opp seg i mellom, utan for mykje “coaching”. Meininga var å spare krefter til seinare kampar, og det gjorde dei så godt at dei brukte 9 min. av tilleggstida får målet kom. (Sudden death) Dvs. 1 min. frå straffekonkurranse.

Bronsefinale Ravn2 – Herd98 0-1, og ein strålande 4.plass for Ravnlaget. (Mål etter 17.min.)

Finale Ravn1 – Volda 1 0-1. (sudden death – målet etter 25.min.).
Fantastisk kamp av jentene som hadde Volda “i kne” på slutten av ordinær tid. Men så var det dette med å få ballen mellom stengene. Tida jobba for Volda, som med ein stall på 12 spelarar berre “pøsa på”, og vi måtte til slutt gi tapt. Surt der og då, men det varte ikkje lenge før smila var på plass.
Toppscorar for Ravn i turneringa vart Amanda Tenfjord med 6 mål. Svært god turnering av Amanda.(som vanlig)

Ravn 1: Katarina Rød keeper, Pauline Neergård kaptein, Andrea Noem, Oda Christensen, Marie Henriksen, Ingrid Vatne, Amanda Tenfjord.

Ravn 2 : Ingeborg Førdestrøm keeper, Ingrid Åsemyr kaptein, Birgitte Hånes, Andrea Indstø, Sarvini Selladurai, Emilie Kalvatn, Malin Røv.

Oppsummert: EI FANTASTISK HELG, SAMAN MED FANTASTISKE FOTBALLJENTER. Dette er jenter Ravn kan være svært stolte av.
2. og 4. plass er nesten ikkje til å tru. Men for oss som kjenner desse jentene, så veit vi at det meste er mulig.

Mvh.
Per Å.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Hovedsponsor

Sparebanken Møre

Litt om IL Ravn

På ditt klubbhus på nett kan du orientere deg i eit aktivt idrettslag. Stoff til sidene (referat, artikler, bilder etc) kan sendes på epost til:
admin@il-ravn.no

Kommentarer

Arkiv