J14 Ravn/Norborg avdelingsvinnar

01 november 2012
Skrevet av:


Ravn/Norborg J14 reiste i går til Blindheim og spelte sin siste seriekamp for året. Utgangspunktet var greit.
For å sikre sigeren i 2. div avdeling 1, måtte ein ta poeng mot Blindheim. Blindheim hadde vunne alle sine heimekampar
før våre jenter kom på besøk. Med forfall frå to av nøkkelspelarane (Fride og Ingeborg), var vi litt spente på korleis dette
skulle gå. Vi åpna litt nervøst, og det gjekk ikkje lang tid før Blindheim gjer 1-0. Vi utliknar til 1-1 litt seinare på eit sjølmål
av eit hardt pressa Blindheimsforsvar. Malin set inn 1-2 frå kloss hold, og roar med det nervane på sidelinja. Men like etter
står det 2-2, og nervane er på plass igjen. Mot slutten av omgangen får vi frispark frå eigen banehalvdel.
Benedicte smell til, og ballen går i mål. Vi leiar 2-3 til pause. I 2. omgang har vi brukbar kontroll, men brenn ein del sjansar.
Mari som hadde mange fine raid i 1. omgang, lukkast no endeleg og gjer 2-4. Like etter aukar Ingrid til 2-5. Blindheim
reduserar til 3-5, før Ingrid på nytt skjer igjennom Blindheimforsvaret og aukar leiinga til 3-6. På overtid får Blindheim redusere
ein siste gong til 4-6. Ein deileg siger i ein ikkje alt for velspelt kamp mellom to gode lag. Dermed vart det velfortjent feiring.
Jentene har ikkje tapt i haust, 7 sigrar og 2 uavgjort. Det er sterkt, vi har møtt gode lag og både Aksla, Blindheim og Skodje har
stilt med omtrent same laga som dei stiller i 1. divisjon. Laget er og forholdsvis ungt, der over halvparten er 99-modellar, og det
vart starta i haust.
Laget som stilte i går var: Trine Haram, Katharina Eik, Anne Staurset, Benedicte Kofoed, Emma Grytten, Ingrid Vatne, Malin Stokke,
Mari Røren, Emma Søvik, Sonja Ulvestad. Dei andre som har spela for laget er: Ingeborg Førdestrøm, Fride Lianes, Rikke Naalsund,
Madeleine Hagset, Elise Davik, Hanne Hofseth, Anja Wilhelmsen. Håper eg ikkje har gløymt nokon. Trenarane er svært nøgde med
det jentene har prestert i haust. Faktisk over all forventning!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Hovedsponsor

Sparebanken Møre

Litt om IL Ravn

På ditt klubbhus på nett kan du orientere deg i eit aktivt idrettslag. Stoff til sidene (referat, artikler, bilder etc) kan sendes på epost til:
admin@il-ravn.no

Kommentarer

Arkiv