Juniorane avslutta med 7-1 over sulamittane

25 oktober 2012
Skrevet av:

Juniorlaget avslutta ein flott sesong med ypperleg spel og 7-1 mot samarbeidslaget MSIL/Langevåg 2 heime tirsdag.
Særleg var 1.omgang av prima klasse, då dominerte Ravn stort, godt hjelpt av medvinden. Faktisk gjekk det 20 minutt før vår eminente keeper Amund var borti ballen.
I motsetning til forrige vekes gode kamp mot Tjørvåg fekk vi no utteljing. Sju mann noterte seg for mål, og artig var det at «veteranane» Anders, Øystein (straffe) og John Ivar kom på scoringslista. Dette var siste kampen deira på junior ? – om det da ikkje blir å stille med *-lag også neste år.

Dei finaste måla kom før pause, først ved Mads Even, så på eit herleg angrep med eit-touch spel som Ole Kristian omsette i mål. Deretter var Stian frampå med ein susar, før ein offensiv venstreback Anders gjorde 4-0.

Gjestane hadde ein bra periode eit godt kvarter etter pause og reduserte. Midt i omgangen tok Ravn over igjen og fekk brukt kantane. Fredrik gjorde 5-1 på eit velplassert skot, før John Ivar og Øystein putta. Og sanneleg var det like før superveteran og forsvarsklippe Michal også hadde scora i sluttsekunda.

Sannsynlegvis blir det ein 4.plass på tabellen, av 9 lag. Av dei 16 seriekampane har kun ein vore svak, nokre få har vore middels – og dei fleste veldig bra. Laget har bestått av ein jamn mix av G16 og jr. Vi har brukt 25-26 spelarar, frå 14 til 20 år. Mange har hatt eit tøft program med to kamper i veka, noko dei har takla utruleg bra.
Og dei yngste har vakse som spelarar utover sesongen.

Ordet fantastisk vert ofte misbrukt, men er på sin plass når innsatsen til mannen bak laget, JAN EVEN HATLEHOL, skal beskrivast. Han har vore sentral på trenarsida i G16, og har leia og inspirert juniorane i alle kampar.
Hatten av for den mannen!

Sa P O Tennfjord – stolt over å vere jr.oppmann i år!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Hovedsponsor

Sparebanken Møre

Litt om IL Ravn

På ditt klubbhus på nett kan du orientere deg i eit aktivt idrettslag. Stoff til sidene (referat, artikler, bilder etc) kan sendes på epost til:
admin@il-ravn.no

Kommentarer

Arkiv