A-laget til KM-spel etter 3-0 over Aspøy

21 oktober 2012
Skrevet av:

Aspøy-Ravn 0-3 (0-0)
0-1 Roger Dalhaug (51)
0-2 Kim Krogsæter (72)
0-3 Trond Hamre (87)
Dommar: Alf Krumsvik – Volda – glimrande.
Gule kort: Andrè Fjørtoft, + 3 til Aspøy

Ravn: Martin S. Vadset, Øystein L. Tennfjord, Øyvind Farstad, Øyvind K Krogsæter, Anis Pajevic, Andrè Fjørtoft, Roger Dalhaug, Eirik Tomren, Jørn Heggelund, Trond Hamre, Kim Krogsæter.
Innbytta: Knut Egil Lid, Even Vatneødegård, Eivind Hagen og Joachim Sørvik.

Ravn viste at dei er beste laget i 6.divisjon avd. 2 med ein sterk 3-0 siger over Aspøy på ei såpeglatt Aksla stadion laurdag. Sigeren – den 7.strake – var heilt nødvendig for å nå KM-spel, ettersom Langevåg 2 vann 3-1 over Harøy.

– Etter ei litt tung åpning i vår med få poeng, men der vi viste bra spel, har laget hatt fin stigning utover sesongen, sa suksesstrenar Tobben etter kampen.
Han fekk sjå ein solid innsats av sine karar, sjølv om det spelemessig var ein del taktiske feilval og svake nestsistepasningar som hindra Ravn i å leie før pause.

6 minutt ut i 2. kom dagens prestasjon, då Roger Dalhaug forserte vekk 3-4 mann og skaut ein susar frå 30 meter over keeper og i mål. Men i staden for Ravndominans kom det rutinerte og tunge heimelaget med sin beste periode i kampen. Berre eit par matchvinnarredningar av Martin i buret hindra utlikning. Han stod kanskje sin beste kamp for året, tøff i feltet og med gode parader.

0-2 kom etter knappe halvtimen på eit mønsterangrep. Knut slo ut på høgre til Trond, som forserte og slo inn framfor mål der Kim trilla ballen i mål. Knut var nest sist på 0-3, eit perfekt gjennomspel til Trond som i kjent stil runda keeper og scora frå spiss vinkel.

Onsdag reiser Ravn til Sunnylven for 1.kamp om KM-tittelen, heimekampen går mandag 29.10.
– Troppen er stor og skadefri for tida, og vi har svært lyst til å krone ein flott sesong med litt «sølv», seier trenar Torbjørn Hove.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Hovedsponsor

Sparebanken Møre

Litt om IL Ravn

På ditt klubbhus på nett kan du orientere deg i eit aktivt idrettslag. Stoff til sidene (referat, artikler, bilder etc) kan sendes på epost til:
admin@il-ravn.no

Kommentarer

Arkiv