Tremåls-Trond og 3-0 over Ellingsøy

04 oktober 2012
Skrevet av:

Tre mål av Trond Hamre og solid defensivt spel skaffa A-laget den 6. sigeren på rad då det vart 3-0 over Ellingsøy på heimebane torsdag. Ein fin revansje for to eittmålstap mot Ellingsøy før i år.
Spelemessig vart det ein kamp på det jamne, der Ravn sleit med å få rytme i det offensive. Det var likevel nok til å skape mange målsjansar, medan Ellingsøy hadde ei heading over etter corner i 1. omgang som sin einaste.

Vi noterte eit par store Ravnsjanser ved Eirik Tomren, før Trond var frampå sju minutt før pause. Eit jobbemål frå spiss vinkel som Ellingsøykeeperen, sitt lags bestemann, var sjanselaus på.

Sju minutt etter pause var måltjuven frampå igjen, då han i stor fart sprang gjennom og gjorde 2-0.
Ellingsøy var bra med i banespelet, men var tannlause i angrep, og keeper Amund Krogsæter (16), som spelte sin første heile seriekamp, spelte med stor ro og tok det som kom. Og utspela hans er rett og slett imponerande.

Ravn hadde fleire sjanser til å auke, men først i sluttminutta kom 3-0. Nokså likt 2-0, Trond parkerte midtforsvaret igjen og scora kontant. Forspelet var at Erik Vatnehagen Stokke avslutta ein flott kamp med eit kjapt rykk og ei strålande gjennombrotspasning. Med den pasninga får Erik BB-prisen, svært god var også stopparkollega Øyvind Farstad. Målkongen Trond var farleg heile kampen, og Roger Dalhaug var solid som vanleg.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Hovedsponsor

Sparebanken Møre

Litt om IL Ravn

På ditt klubbhus på nett kan du orientere deg i eit aktivt idrettslag. Stoff til sidene (referat, artikler, bilder etc) kan sendes på epost til:
admin@il-ravn.no

Kommentarer

Arkiv