Daglig arkiv: 25 oktober 2012

A-laget sjanselause mot Sunnylven.

25 oktober 2012
Skrevet av:

Det vart tap 6-0 borte mot Sunnylven for alaget i kampen om km-tittelen i 6. divisjon.
Dermed skaffa ein seg eit håplaust utgangspunkt før heimekampen mandag 29. oktober.

Juniorane avslutta med 7-1 over sulamittane

25 oktober 2012
Skrevet av:

Juniorlaget avslutta ein flott sesong med ypperleg spel og 7-1 mot samarbeidslaget MSIL/Langevåg 2 heime tirsdag.
Særleg var 1.omgang av prima klasse, då dominerte Ravn stort, godt hjelpt av medvinden. Faktisk gjekk det 20 minutt før vår eminente keeper Amund var borti ballen.
I motsetning til forrige vekes gode kamp mot Tjørvåg fekk vi no utteljing. Sju mann noterte seg for mål, og artig var det at «veteranane» Anders, Øystein (straffe) og John Ivar kom på scoringslista. Dette var siste kampen deira på junior ? – om det da ikkje blir å stille med *-lag også neste år.

Dei finaste måla kom før pause, først ved Mads Even, så på eit herleg angrep med eit-touch spel som Ole Kristian omsette i mål. Deretter var Stian frampå med ein susar, før ein offensiv venstreback Anders gjorde 4-0.

Gjestane hadde ein bra periode eit godt kvarter etter pause og reduserte. Midt i omgangen tok Ravn over igjen og fekk brukt kantane. Fredrik gjorde 5-1 på eit velplassert skot, før John Ivar og Øystein putta. Og sanneleg var det like før superveteran og forsvarsklippe Michal også hadde scora i sluttsekunda. Les meir »

Hovedsponsor

Sparebanken Møre

Banekalender

banekalender