Månedlig arkiv: oktober 2012

4. plass for J16 på Dahlecup

29 oktober 2012
Skrevet av:


I år som i fjor, endte det med 4. plass for Ravn på Dahlecup (innendørsturnering).
Ravn J16 stilte også i år med to lag, og begge lagene kvalifiserte seg for A-sluttspillet.
Det var likevel Ravn 2 som sto for den største prestasjonen da de ble puljevinner på lørdag etter 4 strake seire,
og direkte kvalifisert for kvartfinale på søndag. Les meir »

A-laget sjanselause mot Sunnylven.

25 oktober 2012
Skrevet av:

Det vart tap 6-0 borte mot Sunnylven for alaget i kampen om km-tittelen i 6. divisjon.
Dermed skaffa ein seg eit håplaust utgangspunkt før heimekampen mandag 29. oktober.

Juniorane avslutta med 7-1 over sulamittane

25 oktober 2012
Skrevet av:

Juniorlaget avslutta ein flott sesong med ypperleg spel og 7-1 mot samarbeidslaget MSIL/Langevåg 2 heime tirsdag.
Særleg var 1.omgang av prima klasse, då dominerte Ravn stort, godt hjelpt av medvinden. Faktisk gjekk det 20 minutt før vår eminente keeper Amund var borti ballen.
I motsetning til forrige vekes gode kamp mot Tjørvåg fekk vi no utteljing. Sju mann noterte seg for mål, og artig var det at «veteranane» Anders, Øystein (straffe) og John Ivar kom på scoringslista. Dette var siste kampen deira på junior ? – om det da ikkje blir å stille med *-lag også neste år.

Dei finaste måla kom før pause, først ved Mads Even, så på eit herleg angrep med eit-touch spel som Ole Kristian omsette i mål. Deretter var Stian frampå med ein susar, før ein offensiv venstreback Anders gjorde 4-0.

Gjestane hadde ein bra periode eit godt kvarter etter pause og reduserte. Midt i omgangen tok Ravn over igjen og fekk brukt kantane. Fredrik gjorde 5-1 på eit velplassert skot, før John Ivar og Øystein putta. Og sanneleg var det like før superveteran og forsvarsklippe Michal også hadde scora i sluttsekunda. Les meir »

A-laget til KM-spel etter 3-0 over Aspøy

21 oktober 2012
Skrevet av:

Aspøy-Ravn 0-3 (0-0)
0-1 Roger Dalhaug (51)
0-2 Kim Krogsæter (72)
0-3 Trond Hamre (87)
Dommar: Alf Krumsvik – Volda – glimrande.
Gule kort: Andrè Fjørtoft, + 3 til Aspøy Les meir »

Sjansesløsing då juniorane vann 1-0 mot Tjørvåg

18 oktober 2012
Skrevet av:

Ravn spelte ein god kamp på Tjørvågs glimrande KGB tirsdag. I 1.omgang var det klikk-klakk spel av våre gutar; men berre Ole Kristian Aarseth fann nettmaskene. 5-6 storsjansar vart brende.
Også mot slutten av 2.skapte vi mykje.
Målscorar Ole og Fredrik Krogsæter var dei mest sprudlande på eit godt Ravnlag denne kvelden.

Flaskepantaksjon laurdag 20. oktober.

09 oktober 2012
Skrevet av:


Laurdag 20. oktober kjem vi rundt og samlar inn flasker til inntekt for Ravn.
Som vanleg startar vi om føremiddagen, og det er kjempeflott om den som kjem på
det vil sette ut flasker ved vegen, slik at det berre er å plukke dei opp.

2×11 for J13

08 oktober 2012
Skrevet av:

J13 med 2 kampar på 18 timar i helga.
Fredagskvelden var Bergsøy på besøk. Godt spel av Ravnjentene gjorde at det stod 11-0 til slutt.
Litt mykje etter spel og sjansar, for Bergsøy burde ha skåra nokre mål, men Elise stod godt i mål
i tillegg til at stengene stod i vegen for Bergsøy.
Laurdags føremiddag var Larsnes på besøk. Det enda 11-2 til Ravn. Naturlegvis ein del slitne bein
i den kampen. Ravn åpna forsiktig, men spelte seg bra opp utover i kampen. I denne kampen var det
vi som sløste mest med sjansane.
J13 utan tap til no i haust. 6 sigrar og 1 uavgjort. 1 kamp igjen, borte mot Giske 27. oktober.

Juniorarane vann målorgie i Brattvåg

08 oktober 2012
Skrevet av:

Ravnjuniorane vann 9-6 mot Brattvåg søndag.
Eirik Tomren (5) Thomas Bjørlykhaug (2), John Ivar Eide og Eivind Hagen scora.
Regn og vind gjorde forholda vanskelege. Mange fine mål til begge lag, men kampen blir neppe hugsa på grunn av stort forsvarsspel. Eirik avgjorde med tre mål siste kvarteret.

Tremåls-Trond og 3-0 over Ellingsøy

04 oktober 2012
Skrevet av:

Tre mål av Trond Hamre og solid defensivt spel skaffa A-laget den 6. sigeren på rad då det vart 3-0 over Ellingsøy på heimebane torsdag. Ein fin revansje for to eittmålstap mot Ellingsøy før i år.
Spelemessig vart det ein kamp på det jamne, der Ravn sleit med å få rytme i det offensive. Det var likevel nok til å skape mange målsjansar, medan Ellingsøy hadde ei heading over etter corner i 1. omgang som sin einaste. Les meir »

Juniorlaget vart utklassa av Hareid

03 oktober 2012
Skrevet av:

Juniorlaget stilte eit på papiret sterkt lag heime mot Hareid tysdag, men i staden vart det årsverste. Utan innsats og rørsle vart Ravn rundspelte i 1.omgang, der Hareids raske spissar terroriserte forsvaret vårt. Det kunne fort stått meir enn 0-3 ved pause.
Ein litt betre 2. omgang og 1-3 ved Eirik Tomren, men vi var aldri nærheita av poeng. 1-5 til slutt.

Hovedsponsor

Sparebanken Møre

Sponsor 2017

Litt om IL Ravn

På ditt klubbhus på nett kan du orientere deg i eit aktivt idrettslag. Stoff til sidene (referat, artikler, bilder etc) kan sendes på epost til:
admin@il-ravn.no

Kommentarer

Arkiv