Ny målrik uavgjort for juniorane

04 september 2012
Skrevet av:

Det vart 3-3 igjen for juniorlaget, denne gongen borte mot Aksla mandag.
Vi hadde sigeren i lomma etter å ha gått opp til 2-3 i sluttminutta, men Aksla svarte omgåande med sitt 3.
dødballmål.

1.omgangen var veldig bra av Ravn, vi dominerte første halvtimen med kjapt og presist kombinasjonsspel langs bakken. Eivind Hagen gjorde 1-0 etter 10 minutt på ei god avslutning etter fint spel.
Aksla utlikna på corner, men Stian Stokke sende oss i føringa med eit velplassert skot etter eit flott angrep.

2. omgang vart dominert av Aksla første halvtimen, og dei utlikna på ny dødball, denne gong eit fikst utført frispark.
Spelemessig var omgangen ikkje av same klasse som den første frå Ravns side, men gutane jobba godt og kom sterkt tilbake siste kvarteret. I sluttminutta gjorde Thomas Bjørlykhaug eit nydeleg forarbeid og spelte gjennom Eivind, som vart felt. Even Vatneødegård var sikker straffeskyttar og 2-3.
Men med minuttet igjen av ordinær tid fekk Aksla ein av sine mange cornerar og kriga inn utlikninga.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Hovedsponsor

Sparebanken Møre

Sponsor 2017

Litt om IL Ravn

På ditt klubbhus på nett kan du orientere deg i eit aktivt idrettslag. Stoff til sidene (referat, artikler, bilder etc) kan sendes på epost til:
admin@il-ravn.no

Kommentarer

Arkiv