Juniortap mot Valder

12 september 2012
Skrevet av:

Juniorlaget tapte 2-5 heime mot eit effektivt Valderlag tirsdag, i ein spelemessig jamn kamp der gjestane var best innanfor kvar 16-meter.

Ravn spelte ein god 1.omgang, anført av ein opplagt playmaker Eirik Tomren. Saman med Ole Kristian Årseth og Mads Hatlehol hadde han god kontroll på midtbanen. I det 13. minutt gjorde Eirik 1-0 på ein kanon i nettaket frå 28 meter. Kandidat til årets mål på Ravn stadion! Og utifrå spel og sjanser burde vi leia meir ved pause.

I 2.omgang tok Valder over, litt hjelpt av vind og regn i ryggen. Dei gjekk opp i 1-2, før Ravn utlikna på ei fin gjennomløpning og avslutning av Thomas Bjørlykhaug. Men så fekk Valder litt for lett to kjappe mål mot eit Ravnforsvar som ikkje greidde å kome opp i motstandarane.
Våre gutar gav imidlertid ikkje opp, og kunne fort ha fått mål. To gonger small det i tverrliggaren etter langskot frå ein god og arbeidsam Eivind Hagen. I staden punkterte Valder kampen med 2-5 i sluttsekunda, eit noko flatterande resultat for gjestane utifrå vår gode 1.omgang.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Hovedsponsor

Sparebanken Møre

Sponsor 2017

Litt om IL Ravn

På ditt klubbhus på nett kan du orientere deg i eit aktivt idrettslag. Stoff til sidene (referat, artikler, bilder etc) kan sendes på epost til:
admin@il-ravn.no

Kommentarer

Arkiv