J99 spelte 3-3 mot Valder som vanleg!

18 september 2012
Skrevet av:

J13 Ravn-Valder 3-3 (2-0)
Mål: Fride 2, Benedicte 1.
Merkeleg nok har vi no 3 gonger på rad spela 3-3 mot Valder.
Forrige gong var det Valder 2 vi møtte, no var det 1.laget som stod for tur.
Det var nok dei to beste laga i avdelinga som møttast på Ravn Stadion i går.
Valder var favorittar etter sigrar i alle sine 4 kampar i haust og formidable 47-5 i målforskjell.
Vi hadde vunne 3 av 3, med litt meir beskjedne siffer.
Vi tok bra tak i kampen frå start og var det førande laget, og leia 2-0 etter 12 minutts spel etter
fine mål av Benedicte og Fride. Så tek Valder over og har eit kraftig overtak resten av 1. omgang.
Og vi er heldige som kan gå til pause med 2-0.
Etter kvilen fortset Valder med presset og før halve omgangen er gått står det 2-2. Vi kjem då litt meir
med igjen, greier å skape litt sjansar, før Fride med ein flott prestasjon fossar gjennom Valderlaget og
gir oss 3-2. Valder fortset med sitt gode spel, vi slit spesielt med deira to gode og kjappe bylagsspelarar.
Valder pressar på og utliknar til 3-3. So er det vi som har dei største sjansane på slutten, og vi
har ein 2-3 stor målsjansar, men ein god Valderkeeper hindrar Ravnsiger. Men vi må vere so ærlege
å seie at vi er godt fornøgde med eit poeng i går. Vi møtte eit lag med svært mykje gode spelarar, og
vart tidvis springande mykje i mellom. Men banens beste hadde vi, det var Fride Christine Lianes.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Hovedsponsor

Sparebanken Møre

Litt om IL Ravn

På ditt klubbhus på nett kan du orientere deg i eit aktivt idrettslag. Stoff til sidene (referat, artikler, bilder etc) kan sendes på epost til:
admin@il-ravn.no

Kommentarer

Arkiv