J14 sleit litt i Dalsfjorden.

25 september 2012
Skrevet av:

J14 Dalsfjorden-Ravn/Norborg 3-6 (2-0).
Mål: Malin 3, Fride, Ingeborg, Mari.
Fredagskvelden var jentene på langtur til Dalsfjorden.
Avreise kl 15, og heime igjen kl 23. Men med 3 poeng i bagasjen var det god stemning under heimturen.
Dalsfjorden har ei forholdsvis lita kunstgrasbane, og dette såg ut til å hemme jentene litt. Til pause
låg jentene under 2-0 etter å ha brent ein god del sjansar.
Men i andre omgang snudde det, vi putta jamnt og trutt, og det vart til slutt ein komfortabel siger 6-3.

Neste kamp er i dag (tirsdag 25.09 kl 18:30) heime på Ravn Stadion. Då kjem bronselaget frå Norway-cup
(Skodje) på besøk. Dette blir da eit toppoppgjer, og vi får då målt vårt unge lag opp mot topp motstand.
Vi gler oss, og skal gjere det vi kan for å gi Skodjingane god kamp.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Hovedsponsor

Sparebanken Møre

Litt om IL Ravn

På ditt klubbhus på nett kan du orientere deg i eit aktivt idrettslag. Stoff til sidene (referat, artikler, bilder etc) kan sendes på epost til:
admin@il-ravn.no

Kommentarer

Arkiv