J14 med uavgjort i toppkampen

26 september 2012
Skrevet av:

J14 Ravn/Norborg-Skodje* 1-1 (1-0).
Mål: Ingrid
Det vart som venta ein tøff kamp når Skodje stod på motsatt banehalvdel.
Spelarane vi møtte var identiske med dei som tok bronse i årets Norway Cup.
3 av Skodjespelerane er også uttatt blandt dei 20 som utgjer årets bylag,
og dei har mykje gode spelarar i troppa.
Så vi var naturlegvis spente på om vi skulle greie å henge med.

Det gjorde vi absolutt. Kampen var jamnspelt og begge lag hadde sine sjansar til
å avgjere. Vi fekk vårt mål eit godt stykke ut i 1. omgang etter bra skudd av Ingrid.
Skodjingane fekk sitt mål i 2. omgang der vi ikkje greier å avklare. Uavgjort var nok
eit greit resultat. Ravn hakket bedre i 1. omgang, og Skodje hakket bedre i 2. omgang.

Det er no svært tett i toppen. Etter 6 kampar er det Ravn/Norborg som toppar med 14 poeng.
Skodje og Blindheim ligg hakk i hel med 13 poeng kvar. Alle laga har 3 kampar igjen.
Ravn/Norborg og Blindheim skal møtast i siste serierunde. Og den kampen kan nok fort bli
avgjerande for om det blir Ravn/Norborg, Skodje eller Blindheim som dreg i land avdelingssigeren.

No blir det ei lang pause for laget. Neste kamp er ikkje før 15. oktober.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Hovedsponsor

Sparebanken Møre

Litt om IL Ravn

På ditt klubbhus på nett kan du orientere deg i eit aktivt idrettslag. Stoff til sidene (referat, artikler, bilder etc) kan sendes på epost til:
admin@il-ravn.no

Kommentarer

Arkiv