God kamp av J14

13 september 2012
Skrevet av:

J14 Ravn/Norborg-Hødd 8-0 (3-0).
Laget: Trine, Elise, Anja, Anne M, Fride, Mari, Ingrid, Malin, Emma S, Rikke.
Mål: Ingrid 4, Rikke 2, Mari, Fride.
Solid av jentene. Vi mala på frå start, spelte god fotball og vi såg tidleg ut som det beste laget.
Likevel var det Hødd som heldt på å ta leiinga etter eit skot i tverrliggaren og eit par andre sjansar. Men jentene køyrde
på og spelte sitt spel. Hødd vart liggande bakpå med heile laget sitt, og gjorde det vanskeleg å
bryte igjennom. Men etter 12 minutt lykkast Fride då ho fint vender opp med ein spelar i ryggen
og set inn 1-0. Så går det nye 12 minutt med Ravn/Norborg overtak før Ingrid gjer 2-0 etter
elegant dribling og skudd. Rett etter er det 3-0 ved Rikke som kjem seg fri inne i feltet og skårar.

Etter pause dominerer vi alt, spelar ut Hødd, og skårar jamnt og trutt. Det var mykje flott spel både
framover og bakover i går. Samtidig stod dei to keeperane våre, Trine og Elise, svært godt.

Dette var 4. serierunde, og laget klatra med dette til topps på tabellen (2.div avd 1) etter at
det gode Skodjelaget noko overraskandes gjekk på eit knepent tap mot Blindheim. Vi har no
vunne 3 og spela 1 uavgjort. 1 poeng bak ligg Skodje, så følgjer Blindheim og Dalsfjorden. Og no
skal vi i tur og orden møte Dalsfjorden, Skodje og Blindheim. So då får vi svar på kor godt laget eigentleg
er. Men at vi ved sesongslutt skal vere inne blandt topp 3, det trur vi sterkt på.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Hovedsponsor

Sparebanken Møre

Litt om IL Ravn

På ditt klubbhus på nett kan du orientere deg i eit aktivt idrettslag. Stoff til sidene (referat, artikler, bilder etc) kan sendes på epost til:
admin@il-ravn.no

Kommentarer

Arkiv