A-laget til topps etter 3-1 mot Langevåg 2

26 september 2012
Skrevet av:

– Ein skikkeleg slitekamp der vi ikkje kom opp mot vårt beste spelemessig, men karane viste ein imponerande kampvilje og moral, er Ravn-trenar Torbjørn «Tobben» Hove sin kommentar etter at den 5.strake sigeren var i boks med 3-1 i Langevågen mandag. Dermed tabelltopp for Ravn, to poeng føre heimelaget, som har ein kamp mindre spelt.

1.omgang var sjansefattig og prega av midtbanekjemping, med LIL2 som det førande. Dei fekk 1-0 etter corner like før pause.

I 2.omgang fekk Ravn meir grep om midtbanen. Eirik Tomren utlikna i det 56. minutt då han skøytte på eit skot av Trond Hamre. 10 minutt seinare var Eirik på farten igjen. Han sende eit knallhardt, lavt frispark inn i feltet, og der var Andrè Fjørtoft framme og dundra ballen i mål.
På overtid vart det 1-3 på straffe ved Roger Dalhaug, etter at Tony Ellingsen vart felt etter ei gjennomløpning.

– Langevåg2 er eit spelande, godt lag med mange unge talent, som satsa alt på å vinne denne kampen, seier ein smørblid Tobben etter at gutane hans tok den 3. strake mot gultrøyene.
Tobben framhevar laginnsatsen i ein kamp der det offensive ikkje fungerte optimalt, og var særleg godt nøgd med at den bakre kvintetten, med keeper Martin, Øystein, Erik, Øyvind F. og Anis heldt heimelaget godt unna. Anis
(Pajevic) var også eit aktivum framover på banen.

Neste kamp er torsdag 4.10, heime mot Ellingsøy. Dei har to gonger vunne 3-2 mot Ravn i år, no er det på tide med revansje!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Hovedsponsor

Sparebanken Møre

Litt om IL Ravn

På ditt klubbhus på nett kan du orientere deg i eit aktivt idrettslag. Stoff til sidene (referat, artikler, bilder etc) kan sendes på epost til:
admin@il-ravn.no

Kommentarer

Arkiv