Vellukka Tine Fotballskule.

20 august 2012
Skrevet av:

Søndag. Nærast ser ein dei eldste jentene få instruksjon frå 3 Fortunaspelarar.


Tine Fotballskule er over for i år. Det vart ei kjekk helg med mykje fotball og anna moro.
Fotballstyret og trenerkoordinator sender ein stor takk til alle som var med og bidro.
Eksterne instruktørar for dei eldste og for keeperane vart ein suksess.
Andre aktivitetar innimellom fotballen for dei yngste vart også populært.
Megabasket, sumobryting og skuddsimulator gjorde at ein fekk kjærkomen
variasjon. Gøy!

Her er nokre ord frå trenerkoordinator Jan Petter Hagen:
Godt fornøgd med gjennomføringa av Tine Fotballskule i Ravnregi. For n-te år på rad har vi samla 160-180 jenter og gutar i alderen 6-14 år frå fredag til søndag i weekenden rundt skulestart

Trur dei aller fleste har blitt litt bedre. Frå den yngste guten som egentlig er litt for ung til å delta, men som var så gira at han måtte få lov. Til dei eldste der nokre allereie er av dei skarpaste i kretsen. Den siste gruppa har fått utmerka bidrag frå Kathrine Slinning, Josefine Ervik, Kristine Leite, Anita Waage og Birthe Ramsvik på jentesida, og frå Trond Fredriksen og Amund Skiri for gutane. Sistnevnte fekk også gjentatt sitatet av Jo Nesbø om kor fint det er i Åndalsnesregionen… Instruktørane frå Terje Skjeldestad keeperskule er definitivt velkommen tilbake

Stor takk til klubbens egne instruktørar, og spesielt til dei yngste som viste mange eksempel på idealbilder for utføring. Geir Hansen ville blitt henrykt 🙂 Ingen forkleinelse til alle dei som har bidratt utanfor bana, men denne helga er det det som skjer på bana som er fremst i pannebrasken min 🙂

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Hovedsponsor

Sparebanken Møre

Litt om IL Ravn

På ditt klubbhus på nett kan du orientere deg i eit aktivt idrettslag. Stoff til sidene (referat, artikler, bilder etc) kan sendes på epost til:
admin@il-ravn.no

Kommentarer

Arkiv