Knalldebut og mål av Thomas – uavgjort for juniorlaget

31 august 2012
Skrevet av:

Debutant Thomas Skaar Vadset (15) vart dagens mann då juniorane spelte 3-3 mot Hasundgot på Ravn stadion torsdag.
Thomas hadde vore på banen i 30 sekund da han takla til seg ballen på venstresida, forserte og limte ballen i lengste krysset frå hjørnet av 16-meteren.

Kjempeskotet til Thomas sørga for utlikning til 1-1 midt i 2.omgang, då Ravn pressa og jaga scoringar.
Hasundgot var førande i 1.omgang, godt hjelpt av den harde medvinden. Dei gjorde 0-1 midt i omgangen, medan Ravn sjeldan greidde å halde på ballen og skape minimalt med sjanser.

Etter pause snudde kampbiletet, angrepsbølgene bles mot Hasundgotmålet. Vi noterete fleire gode skot før Thomas dundra inn 1-1. Like etter var Eirik Tomren frampå med 2-1, også det på eit velplassert skot. Då såg det ut som om Ravn skulle ro sigeren i land, men imponerande nok kom Hasundgot sterkt tilbake i motvinden. To gonger kom dei igjennom med sine raske spissar og snudde til 2-3.
Men i sluttminutta fekk Ravn corner, og stoppar Erik Stokke gjekk fram og heada inn ei velfortent utlikning. Det var vel første målet til Erik på fleire år?..
Alt i alt greitt med uavgjort, under vanskelege forhold var det to finstpelande lag som prøvde å spele god teknisk fotball.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Hovedsponsor

Sparebanken Møre

Litt om IL Ravn

På ditt klubbhus på nett kan du orientere deg i eit aktivt idrettslag. Stoff til sidene (referat, artikler, bilder etc) kan sendes på epost til:
admin@il-ravn.no

Kommentarer

Arkiv