Juniorsiger mot Herd 2

21 august 2012
Skrevet av:

Juniorlaget fekk ein fin start på hausteseongen med 5-2 borte mot Herd 2 måndag.
Ravn gjorde ein god 1.omgang, dominerte banespelet og hadde dei fleste sjansane. Likevel stod det berre 2-2 ved pause, der Ravnmåla kom direkte på corner ved Eivind Hagen og på straffespark ved Eirik Tomren. Herd sine mål kom ut av ingenting, det første på eit spektakulært sjølvmål.

Like etter pause var Fredrik Krogsæter frampå med eit kanonskot til 2-3. Frå 23 meter sende han eit prosjektil i nettaket. Kjempescoring rett og slett!
Utover i omgangen vart det tydeleg at ikkje alle har ravningane har skjøtta kondistreninga like bra i ferien, og heimelaget kom inn i kampen. Sjansar skapte dei imidlertid fint lite av, og i staden gjorde vi to nye mål. Eit flott angrep vart avslutta av Eivind før Eirik scora sikkert på sin andre straffe. Både Thomas Bjørlykhaug og Eivind hadde stolpetreff, så sigeren var ikkje eit mål for snau.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Hovedsponsor

Sparebanken Møre

Litt om IL Ravn

På ditt klubbhus på nett kan du orientere deg i eit aktivt idrettslag. Stoff til sidene (referat, artikler, bilder etc) kan sendes på epost til:
admin@il-ravn.no

Kommentarer

Arkiv