J14 Ravn/Norborg vann åpningskampen.

22 august 2012
Skrevet av:

J14 Ravn/Norborg på Hareidstur


J14 Hareid-Ravn/Norborg 1-5 (0-3).
Mål: Ingrid Vatne 3, Mari Valaker Røren 1, Fride Lianes 1.
Det nystarta J14-laget Ravn/Norborg åpna sesongen på ein god måte då Hareid vart slått 5-1 på Hareid.
Dette laget er eit samarbeidslaget mellom Ravn og Norborg og er starta opp av fleire årsaker. Vi vil
gi eit betre kamptilbod til dei ivrige 99-modellane i dei to klubbane. Og det var og viktig for å få
tilbake nokre 98-modellar på fotballbana. I tillegg har spelarane i dei to klubbane det siste året hatt
mange felles treningar, og det er ei stor og flott spelargruppe som er relativt treningsivrige.
Slik vi ser det, er dette ein vinn/vinn situasjon for alle. Ravn J13 fortset som før, Norborg J13 har no fått
det offisielle navnet Norborg/Ravn 2. Dvs at laget som før, spelar i oransje drakter i Uggedalen. Men
dei er litt for få spelarar, og Ravn stiller difor med 2-3 spelarar på dette laget alt etter behov.
Underlege «konstruksjonar» og alle bør stille eigne lag vil nok enkelte hevde. For så vidt rett. Men
fråfallet på jentesida er svært stort i denne aldersgruppa, og ein må prøve å ta grep før dei dett frå.
Det nyttar ikkje å sende ut spørreskjema i etterkant med spørsmål om kvifor ein slutta.
Det viktigaste med det vi har gjort er at vi har fått ei stor og god treningsgruppe, der det er godt
oppmøte, det er sosialt og det blir trena seriøst. Og dette trur vi er nøkkelen til å behalde jentene i fotballen
lengst mulig. Utfordringa med så mange lag, er naturlegvis spelarlogistikken og å få til treningar i mellom alle kampane.

Laget i går bestod av: Trine Haram, Emma Sofie Søvik, Anne Margrethe Ulla og Mari Valaker Røren frå Norborg.
Ingrid Vatne, Rikke Naalsund, Katharina Eik, Ingeborg Førdestrøm, Sonja Ulvestad, Fride Lianes og Emma Grytten frå Ravn.

Kampen: Ravn/Norborg åpna kampen godt og hadde konstant press på Hareid dei første minutta. Etter 8 minutt løsnar det
då Fride får dribla av ein forsvarar og skårar sikkert. Vi køyrer no kampen og spelar oss fram til mykje sjansar. I det 21. minutt
lukkast Ingrid Vatne på eit flott langskot og det står 2-0. 5 minutt seinare er Ingrid på farten igjen, driblar elegant av ein
motspelar og dunkar ballen i mål frå langt hold. Nydlig skåring. Vi går til pause med 3-0 og kjenner nok på oss at kampen er avgjort.
Vi skal ut i 2. omgang og gjere eit par kjappe mål til for å avgjere heile greia tidleg.
Slik går det ikkje. Hareid ser no ut som eit nytt lag og har det meste av spel og halvsjansar i starten på 2. omgang. I det 7. minutt
skårer dei fortjent, og det står 3-1. Etter dette våknar vi igjen, og er meir med på notane. Vi tek sakte men sikkert over igjen,
har fleire gode sjansar. I det 23. minutt lukkast vi. Mari Røren jobbar godt og vinn ein ball litt inne på Hareids banehalvdel, driblar
av ein spelar og set ballen kontrollert i mål til 4-1. I kampens siste minutt er Ingrid igjen i farta, driblar eit par spelarar og set inn 5-1.
Fullt fortjent siger til jentene. Spelemessig ikkje heilt der vi vil vere. Men det skal ein heller ikkje vente i og med at dette var lagets
aller første kamp. Samspelet kjem etter kvart. Godt jobba av samtlege. Laget vil nok og svinge litt alt etter kva spelarar ein har
tilgjengeleg. Men starten var fin og vi lovar å levere mykje god fotball.

I kveld skal nokre av dei same spelarane i aksjon når J13 Norborg/Ravn2 møter Fiskerstrand i Uggedalen. Då får vi også sjå nokre
Ravnejenter i den oransje Norborgtrøya for første gong. Kampstart kl 18:30.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Hovedsponsor

Sparebanken Møre

Litt om IL Ravn

På ditt klubbhus på nett kan du orientere deg i eit aktivt idrettslag. Stoff til sidene (referat, artikler, bilder etc) kan sendes på epost til:
admin@il-ravn.no

Kommentarer

Arkiv