Sølv til J13 i Stordalscupen.

01 juli 2012
Skrevet av:


Det vart sølv til J13-jentene i Stordalscupen etter eit knepent 2-1 tap mot Norborg i finalen.
Kampen starta med rotete spel av begge lag. Men det er heller ikkje så lett å
spele god fotball på dei små 7er-banene som var sett opp. Begge lag kjenner kvarandre godt
etter mange tette oppgjer. I tillegg trenar laga saman. Etter kvart som kampen sett seg er
det Ravn som får eit overtak. Etter ca 10 minutt sett Elisabeth ballen sikkert i mål etter
at Norborgforsvaret rotar det til for seg sjøl. No kjem det ei periode på eit kvarter der vi
spelar bra, skapar det som er av sjansar og bør punktere kampen. Med 5 minutt igjen av kampen
har vi god kontroll og det kjennest ut som dette skal gå vegen. I staden rotar vi det til for oss,
og Norborg får skåre to mål i sluttminutta, der vi er alt for passive på innlegg og innkast som får
lov til å sprette i mål. Skuffande å tape finalen i sluttminutta etter å ha dominert mesteparten av tida.
Men slik er det av og til i fotball, når du ikkje set sjansane, så blir du av og til hardt straffa.
Uansett så skal jentene ha ros for god jobbing gjennom heile kampen. Og det flotte med fotballen,
er at det kjem stadig nye sjansar, laget er i stadig utvikling og kjem nok sterkt tilbake i haust!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Hovedsponsor

Sparebanken Møre

Litt om IL Ravn

På ditt klubbhus på nett kan du orientere deg i eit aktivt idrettslag. Stoff til sidene (referat, artikler, bilder etc) kan sendes på epost til:
admin@il-ravn.no

Kommentarer

Arkiv