J16 – seier i B-finalen i Skandiacup.

01 juli 2012
Skrevet av:

Etter strålande innsats vart det finaleseier til jentene i Skandiacup i Trondheim. Etter litt variabel innsats i det innleiande seriespelet, såg jentene seg aldri tilbake. I cupspelet var dei aldri trua, og kunne heve den store pokalen etter finalen. HEEEERLIG !!!!
Etter mykje skadar, mageverk og ymse plager innledningsvis, såg det ut til at den “litt tynne” troppa vår på 14 spelarar skulle bli for lita.
Jentene tok ansvar her også. Litt disco, litt overnatting på gangen og flørting med nordlandsgutar, så var jentene meir enn klare for kamp.
Når dei i tillegg overraska ledarane, siste morgonen, med å stå opp klokka 0730 for å sjå at eit israelsk G16-lag spele kvartfinale, følte vi at her ligg det noko i lufta.
Måla våre med Skandiacup var å få ei god sosial oppleving, få tilbake spelegleda, og utvikle spelet vårt gjennom mange kampar på kort tid. Som trenar føler eg at vi kom i mål med alt dette, i tillegg var det enkeltspelarar som overraska oss svært positivt.
Ein herlig tur, og ein fantastisk gjeng å vere på tur med.

4 seierar, 1 uavgjort og 1 tap er i overkant av forventningane. Spesielt når mange av desse kampane var mot svært god motstand.
• Ravn-Malvik 2-1, Emilie, Ingrid V.
• Ravn-Strindheim 1-1, Andrea I.
• Ravn-Astor 0-6.
• Kvartfinale Ravn-Nidelv 2-0, Emilie, Ingrid V.
• Semifinale Ravn-Vestbyen 4-1, Ingrid Å., Oda ST 2, Ingrid V.
• FINALE Ravn-Freidig 2-0, Ingrid V., Amanda.
Fotball handlar mykje om å skape gode opplevingar i lag.
Som trenar\lagleiar for desse jentene har eg hatt svært mange. (Takk jenter.)
Dette var ein av dei beste !!

Mvh.
Per Å.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Hovedsponsor

Sparebanken Møre

Litt om IL Ravn

På ditt klubbhus på nett kan du orientere deg i eit aktivt idrettslag. Stoff til sidene (referat, artikler, bilder etc) kan sendes på epost til:
admin@il-ravn.no

Kommentarer

Arkiv