Nytt 4-7 tap for juniorane

05 juni 2012
Skrevet av:

For andre gong på ei veke vart det tap 4-7 for Ravnjuniorane, denne gong på heimebane mot Rollon.
Gjestane er det beste laget vi har møtt, og var jamnare besett enn Ravn.
11 mål skulle tyde på ein kamp med strålande angrepsspel og ditto avslutningar, men bortsett frå to-tre av Rollons mål som kom etter flott kantspel med kontane avslutningar, kom resten av måla som resultat av tilfeldigheiter og lite kontant forsvarsspel.

Rollon fekk to kjappe mål etter kvarteret, men Ravn kom opp på 2-2. Først ved Jørgen, hans første på juniorlaget, etter at han stressa Rollonforsvaret og vann ballen. Så var Joakim frampå med eit liknande mål. Men Rollon fekk to kjappe før pause, der 2-3 var klar offside.

2.omgang var oppløftande spelemessig frå Ravn si side. Særleg på høgresida skapte vi ein del innleggsituasjonar. Rollon gjekk opp i 2-6 før vi reduserte, først etter eit raid og skot av Øystein som gjekk via ein Rollonmann og i mål. Jørgen gjorde sitt andre for dagen då eit frispark frå langt hald passerte alt og alle. Men i staden for ytterlegare redusering punkterte Rollon kampen med 4-7.

Ravn leverte ein bra kamp mot ein god motstander som var fysisk sterkare, men våre yngste veks kamp for kamp og vart aldri totalt utspelte.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Hovedsponsor

Sparebanken Møre

Litt om IL Ravn

På ditt klubbhus på nett kan du orientere deg i eit aktivt idrettslag. Stoff til sidene (referat, artikler, bilder etc) kan sendes på epost til:
admin@il-ravn.no

Kommentarer

Arkiv