Juniorane 2-2 mot Valder

26 juni 2012
Skrevet av:

Ravnjuniorane avslutta vårsesongen på Valdervoll mandag med 2-2, etter at vi leia 2-1 ved pause.
Kampen var spelemessig jamn, med dei fleste sjansane til Valder. Men våre gutar viste oppofrande innsats, sprang kollosalt mykje, og greidde samtidig å halde roa og la ballen gå.

Valder gjorde sjølmål etter eit kvarter men kom ajour til 1-1. Så rota dei det til i forsvar igjen, og ein vaken Jørgen Hatlehol takka for gratissjansen og sende Ravn i føringa.
Heimelaget utlikna midt i 2.omgang på eit flott skot som Martin var sjanselaus på. Han hadde eit par matchvinnarredningar i sluttminutta og fekk god hjelp av eit solid forsvar.
Mathias Vatneødegård (14) debuterte på juniorlaget og var like roleg og god med ballen som han er på gutelaget.
Laginnsatsen var elles framifrå, og våre unge menn (snittalder 16,6 år) viste mykje flott spel.
No ser vi fram til ei god pause før det blir ny serieordning med 10 lag (enkel serie) til hausten.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Hovedsponsor

Sparebanken Møre

Litt om IL Ravn

På ditt klubbhus på nett kan du orientere deg i eit aktivt idrettslag. Stoff til sidene (referat, artikler, bilder etc) kan sendes på epost til:
admin@il-ravn.no

Kommentarer

Arkiv