J16 er i desse dagar i Trondheim på Skandia Cup. Dei spelte i dag
sin første kamp der dei vann 2-1 mot Malvik. Emilie Kalvatn og Ingrid Vatne
skåra måla. Etter rapportane jobba alle jentene knallgodt i dag.
Dette er 11er-fotball. Malvik spelar til dagleg i 1. divisjon i Trøndelag fotballkrets, ligg der
på 8. plass og er med det eit godt lag. I Trøndelag krets er
det heile 6 avdelingar i 2. divisjon, så kvaliteten på laga i 1. divisjon
er nok god.
I morgon kl 09:50 skal Ravn spele mot Strindheim som og er i 1. divisjon i
Trøndelag. Etter tabellen å dømme er dette laget omtrent på same
nivå som Malvik. Så Ravn skal absolutt ha ein fin sjanse i morgon.
Onsdag kl 11:40 møter jentene Astor som også er eit trønderlag, og det er
eit meget godt lag, som i dag ligg på 3. plass i 1. divisjon i Trøndelag.