J16 1.div. Ørsta-Ravn 1-0

05 juni 2012
Skrevet av:

Det vart eit noko surt tap for jentene mot Ørsta. Etter fleire brende “110%” –sjansar både i 1. og 2. omgang måtte jentene sjå at ballen nekta å rulle vår veg denne dagen.
Når vi så, rett før slutt, heller ikkje fekk det soleklare straffesparket, som vi skulle hatt, var det berre ikkje vår dag.

Kampen starta godt for Ravn. Med eit godt grep om midtbana spelte vi oss til sjanse etter sjanse. På slutten tok rett nok Ørsta over, men utan å spele seg til dei store muligheitene.
Andre omgang starta som den første, med eit solid Ravnovertak. Mot spelets gang tok Ørsta leiinga, etter ein stygg markeringssvikt etter dødball.
Jentene gav ikkje opp, og etter litt omrokkering i laget klarte vi å setje Ørsta under eit solid press, dog utan teljande resultat.
Oppsummering: God innsats av jentene, og eit solid skritt i rett retning innsats- og spelemessig, men vi må verte meir konsentrerte på den siste tredjedelen av bana.
Ligg an til mykje trening på lave skudd i motsatt hjørne, på treningane framover. (Ev. knallharde skudd i vinkelen.)

Mvh.
Per Å.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Hovedsponsor

Sparebanken Møre

Litt om IL Ravn

På ditt klubbhus på nett kan du orientere deg i eit aktivt idrettslag. Stoff til sidene (referat, artikler, bilder etc) kan sendes på epost til:
admin@il-ravn.no

Kommentarer

Arkiv