J13 tapte toppkampen

19 juni 2012
Skrevet av:

Ravn-Norborg 1-4 (0-1).
Mål: Fride
Med 6 sigrar og 1 uavgjort til no, trengte Ravn berre eit poeng for å vinne avdelinga si no i vår.
Men dette var kampen da svært lite stemte for Ravnjentene. Ravn hadde ballen klart mest og
hadde svært mange store målsjansar, og burde ha skåra ein god del mål i denne kampen. Men
enten stod stengene eller ein god Norborgmålvakt i vegen. Norborg derimot var effektive, og
skåra når sjansane baud seg.
Ravn leiar fortsatt avdelinga, men Norborg har ein kamp igjen og vil med siger der snike seg
forbi med eit poeng. Dei møter Herd 2 på torsdag og skal normalt vinne den kampen greit.
Men uansett kan Ravnjentene vere fornøgd med vårsesongen. Dei har spelt mykje fin fotball,
dei har skåra mest mål i avdelinga og dei har slept inn minst mål. Og kjem til å bli enda bedre i haust.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Hovedsponsor

Sparebanken Møre

Litt om IL Ravn

På ditt klubbhus på nett kan du orientere deg i eit aktivt idrettslag. Stoff til sidene (referat, artikler, bilder etc) kan sendes på epost til:
admin@il-ravn.no

Kommentarer

Arkiv