Eit ekstra lag til hausten.

21 juni 2012
Skrevet av:

Kretsen har no godkjent vår søknad om å stille eit
felles J14-lag saman med Norborg no i haust. Ingen
av klubbane har hatt J14-lag no i vår, og det er
derfor gledeleg at vi igjen stiller lag. Laget heiter
Ravn/Norborg og vil bestå av våre 98-modellar. Vi
håpar på eit par come-back frå 98-jenter som ga seg
i vinter då det ikkje vart lag. I tillegg vil vi fylle på med
dei talentfulle jentene frå J13-laga til Ravn og Norborg,
som treng eit ekstra kamptilbod.
Norborg sitt J13-lag har til tider problem med å stille nok
spelarar, og har fått tillatelse til å låne spelarar frå Ravn J13
ved behov. Og blir dermed Norborg/Ravn. Ravn sitt J13-lag
fortsett på same vis som før. Begge desse laga trenar i dag
i lag, og utgjer ei flott treningsgruppe.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Hovedsponsor

Sparebanken Møre

Litt om IL Ravn

På ditt klubbhus på nett kan du orientere deg i eit aktivt idrettslag. Stoff til sidene (referat, artikler, bilder etc) kan sendes på epost til:
admin@il-ravn.no

Kommentarer

Arkiv