A-laget 1-0 over Langevåg 2

27 juni 2012
Skrevet av:

Ravn-Langevåg2 1-0 (0-0)
Mål: Øyvind Farstad (56)
Dommar: Arild Vegsund, Norborg.
3 gule kort til Langevåg2

Laget: Martin Skaar Vadset, Øystein Longva Tennfjord, Øyvind Farstad, Andrè Fjørtoft, Øyvind Koppen Krogsæter, Roger Dalhaug, Even Vatneødegård, Kim Krogsæter, Trond Hamre, Knut Egil Lid og Jørn Heggelund. Benytta
innbyttarar: Joachim Hove Sørvik og Eivind Hagen.

Ravn tok sin 4. strake siger då det vart 1-0 over serieleder Langevåg 2 i ein knallhard og fartsfyllt kamp på heimebane tirsdag. Ravn var det førande laget i begge omganger og hadde mange sjanser til å auke leiinga, men på sin einaste store sjanse var gjestane uhyre nære utlikning i sluttsekunda.

Før pause hadde Ravn mange fine angrep, der mykje kom på venstresida ved raske Kim, men siste trekka vart litt upresise. Bakover hadde Ravn full kontroll og opptrådde kompakt og godt organisert. Det var fin variasjon mellom lange framspel og korte pasningar opp på møtande spissar og mitbanemenn.

Målet kom tidleg i 2. omgang, ein perfekt corner frå Roger vart heada i mål av banens bestemann Øyvind Farstad.
Ravn hadde overtaket utover i omgangen, og på spissplassen la Jørn ned ein imponerande innsats. Han burde nok putta eit mål eller to, men vart stoppa av keeper, som var det sutrande gjestelaget sin klart bestemann.

Ein einaste gong svikta Ravnforsvaret, men heldigvis sneik avslutninga seg like utanfor i sluttsekunda.

Med denne sigeren har Ravn full tetkontakt og er formlaget i divisjonen. Det har blitt fasong over laget, samtidig som fleire ser ut til å ha funne formen. God trening i ferien – og det kan bli ein spennande haustsesong!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Hovedsponsor

Sparebanken Møre

Sponsor 2017

Litt om IL Ravn

På ditt klubbhus på nett kan du orientere deg i eit aktivt idrettslag. Stoff til sidene (referat, artikler, bilder etc) kan sendes på epost til:
admin@il-ravn.no

Kommentarer

Arkiv