Vårt unge juniorlag tok poeng mot Sykkylven

02 mai 2012
Skrevet av:

Vårt purunge juniorlag var 10 sekund unna den heilt store skrellen i serieåpninga i Sykkylven 1.mai.
På overtid av overtida gjorde Sykkylven 1-1 på ei heldig, men velfortent utlikning, med sitt siste spark på ballen.

Ravntroppen på 14 mann bestod av *-spelarane Michal Slydal og Erik V. Stokke (92-mod), Anders Slyngstad (93), Eivind Hagen og Mads E Hatlehol (95), resten var G16: (96) Espen Arnes, Purhu, Thomas Bjørlykhaug og Amund Krogsæter, (97): Jørgen Hatlehol, Ole Kr Aarseth, Fredrik Krogsæter og Adrian Harsjøen, og Joachim Barstad (98).

Kampen var nokonlunde jamn spelemessig, der det meir fysisk robuste heimelaget hadde dei fleste sjansane. Men Ravngutane jobba godt over heile banen, solid stopparspel av Michal og Erik samt ein god og heldig Amund i mål gjorde at det stod mållaust ved pause. Ravn spelte fornuftig og heldt formasjonane, men utan å skape dei store sjansane.

Der Sykkylven sløste enormt med avslutningar i hytt og ver var Ravn nådelaust effektive 10 minutt ut i 2.omgang.
Etter eit flott angrep avslutta Ole Kristian Aarseth med ei perfekt heading over keeper og 0-1.
Sykkylven pressa på, utan at våre hardtkjempande gutar vart utspelte. Tre gonger small det i stolpen bak Amund. Men vi var nære på 0-2 på to store kontringssjanser mot slutten.
Så, idet klokka passert 4.20 av dei 4 tilleggsminutta, slengde ein Sykkylving av garde eit hardt skot som sneia eit Ravnhovud og fauk i mål. Surt – men ikkje akkurat ufortent kampen sett under eitt..
Uansett ein flott kamp av Ravn, med seks debutantar.
Og coaching heilt i norsktoppen av Jan Even.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Hovedsponsor

Sparebanken Møre

Litt om IL Ravn

På ditt klubbhus på nett kan du orientere deg i eit aktivt idrettslag. Stoff til sidene (referat, artikler, bilder etc) kan sendes på epost til:
admin@il-ravn.no

Kommentarer

Arkiv