Juniortap i målfest på Skodje

29 mai 2012
Skrevet av:

Skodje og Ravn sine juniorar laga ein skikkeleg målfest på Skodje 2.pinsedag, der heimelaget vann 7-4 etter 4-0 ved pause.
Ravn stilte med akkurat nok til ein start-11er, men Øystein kom til som einaste innbyttar.
Det starta nokså dårleg for våre gutar, der Skodjes superduo Høivik og Sondre Beite scora på sine tre første forsøk.
Og med 4-0 etter 25 minutt lukta det totalslakt, men resten av kampen var Ravn minst på høgde.

Med ein lett medvind i ryggen åpna vi godt etter pause, og Joakim gjorde 1-4. Skodje svarte med 5-1, men nytt mål av Joakim og to av Eivind resulterte i eit ørlite snev av spenning, før Skodje gjorde 7-4 i sluttminutta.
Alle våre mål kom etter fint angrepsspel med gode pasninger inn og bak Skodjeforsvaret som Joakim og Eivind utnytta perfekt. Spelemessig var Ravn på høgde i ein og ein halv omgang og viste mykje fint kombinasjonsspel. Og måten gutane reiste seg på etter pause var imponerande, då viste dei tæl, innsats og godt spel.
To kampar gjenstår før ferien; heime mot Rollon mandag 4.6, borte mot Valder 17.6

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Hovedsponsor

Sparebanken Møre

Litt om IL Ravn

På ditt klubbhus på nett kan du orientere deg i eit aktivt idrettslag. Stoff til sidene (referat, artikler, bilder etc) kan sendes på epost til:
admin@il-ravn.no

Kommentarer

Arkiv