Juniorane vann 6-3 over Aksla

22 mai 2012
Skrevet av:

Det stod 1-1 etter ein variabel 1.omgang av Ravn i tirsdagens heimekamp mot Aksla. Men etter ein peptalk av trener Jan Even løfta våre unge menn seg og gjekk av banen med 6-3, etter til tider ei oppvisning i flott angrepsfotball.

Men det starta ikkje så bra, Aksla gjekk opp til 0-1 i åpningsminutta. Ravn kom etter kvart inn i kampen, og Stian kriga inn utlikninga etter corner. Ein spelemessig jamn omgang, med flest og størst sjanser til Ravn.
Akslas gode målmann hadde fleire flotte redningar på gode Ravn-skot.

2.omgang var kort og godt årsbeste. Gutane let ballen gå, og sjansane kom. Dei yngste er no i ferd med å ta nivået og tør å vise kva dei kan. Jørgen (15) herja med dribling og finter på høgrekanten, og yngstemann Joakim
(14) slo til med hattrick. Først 2-1 etter corner, så eit gjennomløp med elegant nedtak og avslutning til 3-1, før Aksla reduserte.
Ravn produserte sjanse på sjanse, og med eit knallskot i steget av Eivind, og flotte angrep som Joakim og Even avslutta stod det 6-2, før Aksla fekk eit trøstemål.
God kamp av alle våre. Rutinen og fysikken til veteranane Even og Michal var god å ha og balanserer fint eit lovande ungt lag.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Hovedsponsor

Sparebanken Møre

Sponsor 2017

Litt om IL Ravn

På ditt klubbhus på nett kan du orientere deg i eit aktivt idrettslag. Stoff til sidene (referat, artikler, bilder etc) kan sendes på epost til:
admin@il-ravn.no

Kommentarer

Arkiv